nyhende
Skulenedlegging skaper privatskule-boom
Private skular veks fram i norske distrikt. Årsaka er enkel: Offentlege skular blir lagde ned, og foreldra vil ikkje gi barna sine lang reiseveg til skulen kvar dag.
Ei kartlegging Utdanningsdirektoratet (Udir) gjorde i fjor viste at det var blitt 376 færre grunnskular i 2024, samanlikna med 16 år tidlegare. Særleg er det små skular i små kommunar som blir lagde ned.
– Hol i velferdssystemet gjer at private aktørar veks fram i sektorar som skule, omsorg og helse. I dette tilfellet gjeld det særleg for distriktsskulane. Offentlege distriktsskular blir lagde ned, og foreldra som ikkje vil sende barna sine på buss i timevis startar i staden private skular, forklarar Hege Bae Nyholt, stortingsrepresentant for Raudt og leiar av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.
Til skulestart denne hausten opna Jotunheimen privatistskule i Lom, etter at den offentlege vidaregåande skulen blei vedteken lagd ned av fylkestinget i Innlandet i fjor. I åra som kjem er det venta at fleire andre offentlege skular også blir lagde ned.
Erstattar grendeskulane
Rachel Ekren er seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå og var medforfattar for ein rapport i fjor om kva som kjenneteiknar dei private skulane.
– Private grunnskular har auka jamt over tid. I 2022 var 10 prosent av alle grunnskular private, mot berre 3 prosent i 2000. For private vidaregåande skular har vi sett ein auke frå 18 til 23 prosent på ti år. Samstundes har talet på offentlege skular gått ned, særleg i distrikta, skriv Ekren i ein e-post til Nynorsk pressekontor.
Private skular har i snitt færre elevar enn offentlege skular. Ein grunn til det er at dei ofte «erstattar» små grendeskular som er lagde ned og slått saman med større offentlege skular. Fleire private skular er òg spesialiserte. Dei kan òg vere pedagogisk eller religiøst profilerte, og tiltrekkjer seg difor eit meir avgrensa elevgrunnlag, fortel Ekren.
– Auken er tydelegast i sentrale strøk, der vi finn fleire profilskular, internasjonale skular og skular utan statstilskot. Profilskular, som til dømes toppidrettsskular, har hatt særleg stor vekst sidan 2015. I grunnskulen er det flest livssynsskular og skular med anerkjend pedagogisk retning, som Steiner- og Montessoriskular.
– Fellesskulen er viktig
Eit hovudargument for skulenedleggingane er demografiske endringar og økonomiske avgrensingar. Mange kommunar opplever ei aldrande befolkning, medan talet på barn og unge går ned. Dette gjer at det blir færre elevar å fordele på skulane, og mindre økonomisk handlingsrom for kommunane.
Slikt forsterkar sentrum-periferi-forskjellane, meiner Hege Bae Nyholt i utdannings- og forskingskomiteen.
– Raudt skal ikkje nekte lokalsamfunn å starte opp ein privatskule for å sikre at barn og ungdom har ein skule i nærleiken å gå til når dei offentlege skulane blir lagde ned, men fellesskulen er den viktigaste fellesarenaen for barn og unge i Noreg. Forskjellane mellom by og land aukar med nedlegging av offentlege skular i distriktet, og dette blir gjort av økonomiske omsyn, utan tanke på samfunnskonsekvensane.