nyhende
Skuleelevar skal lage Auklandshamn-avis
Elevar frå femte til sjuande trinn på Auklandshamn skulle skal i vinter lage ei eiga avis for Auklandshamn.
Startskotet for prosjektet gjekk sist fredag. Då hadde dei invitert Vestavind sin redaktør for å lære meir om korleis ein lagar innhald til ei avis, både artiklar og annonsar.
Elevane hadde mange spørsmål til redaktøren, til dømes om korleis ein finn saker å skrive om, kva namn ei avis bør ha, om ein bør ha kryssord i avisa og om ein kan skrive om kidnappingar.
Kva innhald elevane si avis vil få skal dei no bestemme seg for. Dei håpar å treffe på velvillige intervjuobjekt, og avisa skal etter planen vere ferdig til påske, fortel lærar Camilla Solsvik.
Avisa skal etter planen vere ferdig til påske.