nyhende
Skulebuss med 15 elevar hamna i grøfta
Elevar fekk drosje til skulen etter at buss hamna utfor vegen.
Ingen personar blei skadde då ein skulebuss med 15 elevar kjørte i grøfta på Tveitvegen i Sveio ved 08.30-tida torsdag. Elevane blei sende vidare til skule med drosje, skriv Haugesunds Avis som først omtalte denne saka.
Tide melde sjølv frå om uhellet, opplyser operasjonsleiar Bjørn Iden i Sør-vest politidistrikt til avisa. Politiet rykka ikkje ut, sidan det ikkje var personskade eller annan dramatikk. Tide sytte sjølv for berging av bussen.