nyhende
Linn-Caroline Lae Pedersen valde byen:
Skule, jobb og kjærleik avgjerande
Kort veg til skule, jobb og fritidsaktivitetar. Det er den viktigaste grunnen til å bu i byen, seier Linn-Caroline Lae Pedersen (40).
Flesteparten av dei som flyttar ut av Sveio, buset seg i Haugesund. Det viser statistikken. Linn-Caroline er representativ for denne gruppa. Etter oppvekst i Sveio sentrum, braut ho først opp frå heimstaden då ho drog til Tyskland som au pair i 18-årsalderen. Vel heime igjen kjøpte ho og sambuaren leilegheit i Skåredalen i 2004. Det var praktisk, sidan dei på den tida gjekk på skule og jobba i Haugesund.
– Dessutan er sambuaren min frå Haugesund. For han var det lite aktuelt å flytta til Sveio. I hans auge var Sveio sentrum altfor langt ute på landet, ler Linn-Caroline.
«Alle» drog ut
Ho peikar også på eit anna forhold som gjorde det mindre aktuelt å busetja seg i Sveio på den tida.
– Svært få av dei som var på min alder, var igjen i Sveio då. For dei som var litt eldre, var det annleis. Bror min er sju år eldre enn meg. Av hans årskull var det mange fleire som busette seg i Sveio. Nå har også fleire av dei som eg gjekk i klasse med, flytta heim igjen.
Etter fire år i Skåredalen kjøpte Linn-Caroline og sambuaren einebustad på Bleikemyr.
– Og her vil eg bu til dei må bera meg ut, seier ho med ettertrykk, men også med litt humor i stemma.
Kort veg til jobben som sjukepleiar ved akuttmottaket på Haugesund sjukehus er framleis viktig for henne. Dessutan har barna på åtte og 14 år sine venner og fritidsaktivitetar like i nærleiken. Dette betyr likevel ikkje at ho har snudd heimbygda ryggen.
Stolt av bakgrunnen
– Eg er stolt av å vera frå Sveio. Og då me valde å kjøpa hus langt nord i Haugesund, var det nettopp for å ha kort veg heim til familien. Eg er eigentleg ganske heimekjær. Me er ofte hos foreldra mine som framleis bur i Sveio. Det gir ei god kjensle av å vera på landet.
Linn-Caroline seier også at valet kunne blitt eit anna om ho skulle etablera seg i dag.
– Sveio er blitt meir sentralt, opplever eg. Det er mykje meir aktivitetar, betre tilrettelagt enn då eg vaks opp. Busstilbodet er betre, og det er fleire butikkar. Då eg var ungdom, hadde foreldra mine det svært travelt med å kjøra meg både hit og dit. Og det meste eg skulle på, var inne i Haugesund.
| Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK. |