nyhende
Skuffa over svar frå minister Gram
Ruth G. Østebøvik Eriksen meiner at Husbanken bør gi tilskot og lån til krisesenter. Kommunal- og distriktsministeren har ikkje same syn.
Tidlegare i haust ba Krisesenter vest IKS eigarkommunane sine om hjelp til å få endra reglane til Husbanken, slik at dei kan få støtte til å byggja nytt krisesenter for dei 16 eigarkommunane på Haugalandet og Sunnhordland.
Husbanken er grunnlagt av Stortinget, og forvaltar mellom anna økonomiske verkemiddel som bustønad, tilskot og lån, til dømes utbygging og oppgradering av alders- og omsorgsbustader, studentbustader og sjukeheimar.
Lite hensiktsmessig
Slik reglane er no, kan ikkje krisesenter få økonomisk bistand frå Husbanken. Etter å ha lese oppmodinga frå Krisesenter vest IKS, tok Ruth G. Østebøvik Eriksen tak i saka. Med hjelp frå ein partikollega høgare opp i systemet, blei det stilt direkte spørsmål til kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) om han ville sjå på moglegheita for å endra reglane.
No har tilbakemeldinga kome. Gram påpeiker at Husbanken ikkje gir støtte til midlertidige buformer, slik som krisesenter er.
– Innanfor knappe økonomiske rammer vil det vera lite hensiktsmessig å utvida formålet for Husbanken sine ordningar, svarar Gram.
Leitar vidare
Eriksen hadde håpa på ei anna tilbakemelding.
– Eg er frykteleg skuffa. Det er spesielt at det ikkje er vilje til å sjå på om ein vil endra regelverket, det handlar om å gjera livet til sårbare menneske betre. Me får leita etter andre modellar for god stønad til krisesenteret, seier Eriksen. Ho tar med seg utfordringa til Bergen og rådsmøte med FrP.
Her er heile svaret frå Bjørn Arild Gram:
Samfunnsoppdraget til Husbanken er å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på
bustadmarknaden, og medverke til at vanskelegstilte kan skaffe seg og halde på ein eigna
bustad. Husbanken gjev ikkje frå sine ordinære verkemiddel støtte til mellombelse buformer,
noko krisesenter er. Verkemidla til Husbanken kan likevel vere til hjelp for personar som
oppheld seg på krisesenter. Dei gjev tilskot til utleigebustader som bidrar til å byggje opp det
kommunale tilbodet av bustader, som igjen kan gjere opphald på krisesenter kortare ved at
den valdsutsette kan flytte for seg sjølv. Innanfor knappe økonomiske rammer vil det være
lite hensiktsmessig å utvide formålet for Husbanken sine ordningar.