nyhende
Skuffa over kommunestyret
– Sveio kommunestyret er i ferd med å lukka vinduet for ein veg å gå for å produsera rein energi, seier Steinar Nesse. Grunneigaren på Nese er skuffa over at så få politikarar har sett seg betre inn i vindkraftprosjektet før dei gjorde eit generelt vedtak.
Vestavind besøker Nesse på garden dagen etter at statsminister Erna Solberg har opna det første heilelektriske oppdrettsanlegget i verda på Loddetå i Sveio. Målet er at alle oppdrettsanlegg i Noreg skal gå på straum.
– Det gjeld også for produksjonen av olje og gass på norsk sokkel, og ein del andre store område i det såkalla grøne skiftet. Som landbasert industri og samferdsel. Uansett om ein oppgraderer eksisterande vasskraftverk i Noreg, vil det ikkje kunna produserast nok straum til å dekka alt me treng, og me er nøydde til å ha annan straumproduksjon i tillegg, seier Nesse.
– Har ikkje brydd seg
Han er skuffa over at kommunestyret har gjort eit generelt vedtak om å seia nei til landbasert vindkraftproduksjon i kommunen. Og at få av politikarane har besøkt garden for å setja seg inn i prosjektet med to vindturbinar som Solvind har søkt konsesjon om.
– Gruppene til KrF, Sp og to frå SV har vore på besøk. Det har også ein frå Høgre og ordføraren vore. Det store fleirtalet har ikkje brydd seg om å snakka med meg og setja seg inn i prosjektet før dei stemte nei til vindkraft. Det synest eg er slett arbeid, seier Nesse.
Han har langt større respekt for Nei til vindkraft i Sveio, som har vore på besøk representert ved tre av personane i styringsgruppa der.
Ventar ryddig saksgang
– Me hadde ein god prat, og eg fekk retta opp i eit par ting som ikkje har stemt av det dei har lagt fram. Samde kjem me aldri til å bli, men dei har i alle fall teke seg bryet med å besøka oss og blir orienterte om vår side av saka, seier Nesse.
– Vindkraft er i motvind i Noreg. Hadde du venta eit anna svar enn nei frå Sveio kommunestyre?
– Vedtaket er gjort som ein del av behandlinga av samfunnsplanen. Politikarane har høyrt på veljarane og sagt nei på generelt grunnlag. Ikkje konkret til dette prosjektet. Derfor forventar eg ein ryddig saksgang om me kjem så langt at denne saka blir behandla.
Har hamna i skvis
– Visuell og høyrbar støy, øydelegging av naturområde, kortlevde anlegg der mykje ikkje kan gjenvinnast, auka nettleige og utanlandske investorar som tek alle inntektene ut av Noreg er nokre av argumenta mot vindkraft. Trur du det blir vindkraft på Nese nokon gong?
– Me har på mange måtar hamna i skvis på grunn av motsetnadane som har kome som følgje av store prosjekt som no blir pressa fram for å kunna nytta seg av dei grøne sertifikata som går ut etter 2021. Ein del av desse anlegga burde aldri blitt bygd etter mi meining. Både på grunn av store naturøydeleggingar – langt større enn det det opprinneleg er gjeve konsesjon til – og at altfor lite går tilbake til lokalsamfunnet og kommunane, seier Nesse.
Urettferdig skilnad
Han trekk fram at det tidlegast vil stå vindturbinar på Nese i 2024, og at det blir produksjon utan subsidiar. Dei to turbinane vil stå i eit område som allereie er i bruk, og at straumen vil gå inn på nettet via trafoen på garden. Auka nettleige er det derfor ikkje snakk om.
– Det må også gjerast noko med den urettferdige skilnaden på skattelegging av vasskraft og vindkraft. Når kommunane får ein rettferdig del av inntektene frå vindkraft, tror eg det vil bidra til å endra folk sitt syn på vindkraft. Me er anten fem år for seint ute, eller fem år for tidleg. For ti år sidan var vindkraft populært, og om ti år trur eg det blir det igjen, seier Nesse.
Fleire bein å stå på
Han er glad han, til liks med ein heil del andre sveibuar, har jobb i oljeindustrien. Eit nei til vindturbinar på Nese, er heller ikkje kroken på døra for gardsdrifta.
– Eg er ikkje Solvind, og seier ikkje ja til vindturbinane fordi eg blir rik på dette. Vindturbinane vil sikra ein til to arbeidsplassar, og gje dotter mi Maria høve til å jobba fulltid på garden når ho tek over.
– Me har hatt garden i slekta sidan 1600-talet, og eg er heile tida på jakt etter å utvikla drifta og finna nye bein å stå på for å sikra at garden framleis blir i familien. Det vil eg halda fram med, anten det blir vindkraft eller ikkje i løpet av dei neste ti åra, seier Nesse.