nyhende

Om ein heiar på ekteskapet som institusjon er truleg alle dagar like gode dagar å fri på – for alle kjønn. Tradisjonen tru er det nok likevel fleire kvinner enn elles som syslar med planar om å stille det store spørsmålet på skotårsaftan.
Om ein heiar på ekteskapet som institusjon er truleg alle dagar like gode dagar å fri på – for alle kjønn. Tradisjonen tru er det nok likevel fleire kvinner enn elles som syslar med planar om å stille det store spørsmålet på skotårsaftan.

Skotårsplanar? Dette bør du tenke på før du frir

Drøymer du om eit ja frå partnaren din den 29. februar? Før du stiller det store spørsmålet, er det andre og minst like viktige svar du bør be om, seier samlivsekspert Frode Thuen.

Publisert Sist oppdatert

I eldre tid var det knytt mykje overtru til skotårsdagen. Skotår blei ofte sett på som noko unormalt og skremmande. Men det er også positive skikkar knytt til skotårsdagen, som at dette er dagen der jentene kunne fri. Om mannen ikkje ville seia ja, kunna han berga seg unna med å gi friaren 12 par hanskar.

Om ein heiar på ekteskapet som institusjon er truleg alle dagar like gode dagar å fri på – for alle kjønn. Tradisjonen tru er det nok likevel fleire kvinner enn elles som syslar med planar om å stille det store spørsmålet på skotårsaftan.

Ikkje alltid kjærleik er nok

Men før du går ned på kne i håp om å få eit ja, er det andre og minst like viktige spørsmål du bør stille både deg sjølv og partnaren din, meiner Frode Thuen. Han er professor i psykologi ved Høgskulen på Vestlandet.

For nei, det er slett ikkje alltid at kjærleik er nok:

– Før du forpliktar deg til eit ekteskap, bør du sjølvsagt vere glad i vedkommande, men det er ikkje utan grunn det blir sagt at kjærleiken er for viktig til å bli overlaten til kjenslene. Faren er at ein handlar meir med hjartet enn med hovudet. For du bør også vere trygg på at dette er ein person du kan og vil leve resten av livet med, seier Thuen.

Lakmustesten

Ei av dei vanlegaste fallgruvene mange går i, er å idyllisere den andre og sjå forbi alle svakheiter og raude flagg, fortel Thuen. Han meiner difor du må tore å stille spørsmål ved om partnaren verkeleg vil investere i forholdet og vere oppteken av deg også om ti år:

– Lakmustesten er om partnaren din regelmessig spør om korleis du har det, og om han eller ho stiller oppfølgingsspørsmål og engasjerer seg i små og store utfordringar i livet ditt. Tek partnaren din omsyn? Og ved interessekonfliktar; er vedkommande villig til å forsake noko og sette sine behov på vent for at du skal ha det bra?

Ein god match?

Det er i det heile fleire ting som seier noko om korleis de matchar kvarandre som par og kan indikere korleis relasjonen vil bli på sikt, forklarar han. Er til dømes den eine svært emosjonell og den andre meir rasjonell? Er ein mykje meir oppteken av sex enn den andre? Korleis vil det vere å dele huslån med vedkommande? Vil han eller ho bli ein god forelder? Er den eine meir interessert i eller mykje flinkare til å snakke om kjensler enn den andre?

Utfordringane ein har i starten, blir som oftast forsterka ettersom tida går. Det er særleg måten ein kommuniserer med kvarandre på som indikerer kor solid eit forhold er, seier Frode Thuen.

– Utfordringane ein har i starten, blir som oftast forsterka ettersom tida går. Men det er særleg måten ein kommuniserer med kvarandre på som indikerer kor solid eit forhold er. Kommunikasjonsmønstera viser seg tidleg og er gjerne stabile i parforholdet, seier Thuen.

Fire farlege

Han viser til den amerikanske psykologen John Gottman, som har studert fleire tusen par over tid. Gottman kom fram til at ein kan føresjå med 94 prosent sikkerheit kven som kjem til å halde saman og ikkje. Svaret ligg nettopp i måten paret snakkar saman på. Ifølgje Gottman er det fire negative kommunikasjonsformer som alltid dukkar opp att hjå dei som endar med å gå frå kvarandre:

Kritikk: Ein kan klage utan å kritisere den andre, ved å sette ord på kva du sjølv kjenner på og avslutte med eit positivt ønske. I staden for «du bryr deg aldri om kva eg seier» kan du til dømes seie «eg blir lei meg når du snur deg bort når eg pratar til deg. Det hadde hjelpt meg om du ser på meg når eg snakkar».

Forakt: Er eit uttrykk for at ein kjenner seg overlegen partnaren. Det er livsfarleg i eit forhold og blir brukt for å gjere den andre liten. Kjem til uttrykk gjennom sarkasme og å latterleggjere, audmjuke og hengje ut den andre.

Forsvar: Om ein går i forsvar når ein møter kritikk, er det berre ein annan måte å seie «det er eigentleg din feil» på: «Eg skjønar ikkje at du kan meine dette etter alt eg har gjort for deg». Løysinga ligg i å i staden ta medansvar for konflikten: «Ja, eg burde nok ikkje sagt det på den måten».

Isfront: I staden for å svare på kritikk, blir partnaren heilt stille eller isolerer seg. Men sjølv om partnaren ser upåverka og uinteressert ut, er det ofte kaos, redsle og høg puls på innsida, fordi ho eller han ikkje greier å kjenne att eller uttrykkje kjensler. Løysinga er at partnaren tek ein pause – og gjev beskjed om at det er nettopp det han eller ho gjer.

– Det er ikkje farleg å krangle så lenge ein reparerer og jobbar medvite for å endre negativ kommunikasjon. Om ein skal investere i eit parforhold, må difor begge partar vere villige til å anerkjenne dei utfordringane ein har og gå inn i dei. Ingenting kjem til å endre seg om ein ikkje ser det og gjer noko, seier Thuen.

Realitetssjekk

Og når me først snakkar om frieri: Om du er av dei som mange gonger har gjeve uttrykk for at du drøymer om ein ring og den utkåra enno ikkje har fridd, kan det sjølvsagt botne i at partnaren berre er sjenert eller ikkje har fått somla seg til det. Kanskje er det også så enkelt som at han eller ho føretrekker ei sambuarkontrakt i staden.

Men det kan og vere heilt andre grunnar:

– Viss du ønskjer å bygge og satse på forholdet, medan partnaren din eigentleg gir uttrykk for at han eller ho ikkje vil forplikte seg, er det absolutt eit raudt flagg. Du skal jo aldri måtte overtale nokon til å gifte seg.

I god tid før du tenkjer å fri, er det difor lurt å bringe framtida på bane og spørje kva vedkommande vil med relasjonen, rår Frode Thuen. Spør om kva han eller ho tenkjer om å satse på forholdet, gifte seg og få barn. Kva skal de jobbe mot saman, og kva er felles mål?

– Viss partnaren din primært har fokus på sine eigne mål og ynskjer, og kva ei slik forplikting vil bety for hans eller hennar del, er det definitivt på tide å sjå forholdet utanfrå. Dynamikken du ser utspele seg no, vil berre bli tydelegare etter kvart. Det er difor viktig med ein realitetssjekk.

Powered by Labrador CMS