nyhende
– Skog og mark ligg ein kveldstur like bak huset, og ein tek båten for å få seg ei koka
Denne veka si sveibu har gode minne frå Sildoljefabrikken i Mølstrevåg, og mykje meir.
– Eg er pensjonist. Etter 40 år er det godt å lena seg tilbake og ha litt meir kos med barn og barnebarn. Elles har eg fram til no engasjert meg i ulike aktivitetar i bygda både for barn, yngre og eldre. Sveio og Valestrand er bygder der innbyggarane er opne og tolerante. Kjem det opp planar om å starta ein aktivitet, hiv dei seg på. Dei siste åra har eg vorte ramma av diverse kroniske sjukdomar, noko som gjer at eg må streka med foten innimellom. Men dei som kjenner meg veit at det er langt fram til eg gjev opp.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Skog og mark ligg ein kveldstur like bak huset, og ein tek båten for å få seg ei koka. Mange kosar seg på golfbanen, tek seg ein tur til Ryvarden eller ein fisketur på Ålfjorden.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, eigentleg ikkje, om ein saknar noko er det berre å bretta opp erma.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Då eg var liten var min onkel Olle og min far Bror Trygve Eriksen som bygde opp Sildeoljefabrikken i Mølstrevåg dei åra den var i drift. Søskenbarnet mitt og eg plukka masse rips og solbær og hoppa i høyet og hadde fine ettermiddags-soldagar.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Ryvarden er fantastisk på denne tida av året. Alle dei ungane, ungdom og vaksne som står på og gjer at dette er ein triveleg kommune å bu i. Som storforbrukar av helsetenester ynskjer eg å halda fram alle dei dedikerte som er legar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar og ambulansepersonell. Dei kan ikkje framsnakkast for mykje eller for ofte.