nyhende
Skjenkestopp ved midnatt
Natt til torsdag blir skjenkjestopp og krav om bordservering på utestader innført ved midnatt. Serveringsstader skal òg registrere personopplysningar.
Dermed må barar og skjenkestader halde dørene og ølkranene stengt når klokka slår 24.
Dei skal òg registrere personopplysningar til alle gjester som samtykkjer til det.
Den nasjonale skjenkjestoppen ved midnatt vart etter å ha vore innført ein lang periode vinteren og våren 2021, oppheva søndag 20. juni, medan han i Oslo vart verande vel ei veke til.
Sidan den gong har det vore ope for skjenking, men no skal altså kranene igjen stengjast klokka 24. Meteren blir gjeninnført på skjenkestader.
I tillegg kan alkohol berre serverast ved borda, og det skal vere sitjeplass til alle.
Tiltaka skal vare i fire veker, altså fram til byrjinga av januar, men vurderast igjen etter to veker.
(©NPK)