nyhende

Mange vil ta bilete av NYNORSK-skiltet til Wenche Haugen Havrevoll. Foto: Privat
Mange vil ta bilete av NYNORSK-skiltet til Wenche Haugen Havrevoll.

Skiltar med nynorsk

Personlege bilskilt vert stadig meir populære, og mange nyttar dei til å ta eit standpunkt. Det gjeld i høgste grad denne dama.

Publisert Sist oppdatert

Etter at det vart tillate med personlege bilskilt i 2017, har det vorte meir og meir populært, og somme har skapt overskrifter landet over. Det er visst mykje ein kan seia på sju teikn.

Ei av dei som har vald å nytta bilskiltet til å koma med ein bodskap er Wenche Haugen Havrevoll. Ho rullar kringom med NYNORSK på bilen sin, og det får ho kommentarar på.

– Eg vil ta vare på nynorsken. Det var eigentleg grunnen; eg ville driva litt reklame for målet.

Havrevoll bur i Suldal kommune i Rogaland, eitt av fylka der nynorsken stadig må kjempa for livet. Der driv ho ein butikk på garden ho bur på, og ho seier det kjem ein del tilbakemeldingar på bilskiltet hennar.

– Eg får ein del kundar, og forstår eg at dei nyttar nynorsk viser eg det gjerne fram. Då er det mange som tar bilete.

I dag køyrer om lag 11.500 sjåførar kringom på vegane med eigendesigna bilskilt, men det er få av dei som har nynorskord.

Kom etter kvart

Havrevoll seier at ho ikkje alltid har vore målkvinne. Faktisk nytta ho bokmål fram til ho var ferdig på lærarhøgskulen, men då ho flytta til nynorskkommunen Suldal, måtte ho leggja om.

– Då eg byrja på skulen her var eg lojal til skule og elevar. Eg prøvde ikkje å halda på bokmålet.

No er den tidlegare læraren ihuga målforkjempar, men innrømmer at ho stundom vert motlaus når ho ser kor målet slit i målstriden. Likevel kjem ho aldri til å gje seg.

– Når eg ser ut glaset ser eg natur og kultur som best kan skildrast på nynorsk. For å uttrykka dette må me ha det nynorske skriftspråket. Når eg spør meg sjølv om det er noko vits, er det det eg tenkjer på.

Sidan 2017 har det vore lov å skaffe seg personlege bilskilt – førebels er det få bilar med nynorskord.

Lite på nynorsk

Ifølgje opplysningar frå Vegvesenet er det nokså få personlege bilskilt i Noreg på nynorsk. Det går stort sett i bokmål, forkortingar og namn.

I dag køyrer om lag 11.500 sjåførar kringom på vegane med eigendesigna bilskilt, men det er ikkje alle som vert godkjende. Alle skilt må gjennom sensuren til Vegvesenet, og eksempel på skilt som ikkje har vorte godkjende er POLIZEI, HESTKUK og RANSBIL.

Powered by Labrador CMS