nyhende

Vegvesenet skiftar rekkverk mellom Heiane og Rød. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Vegvesenet skiftar rekkverk mellom Heiane og Rød.

Skiftar ut rekkverk på E39 mellom Stord og Sveio

Statens vegvesen starta tysdag denne veka arbeidet med å skifte ut gammalt rekkverk på E39 mellom Heiane på Stord og Rød i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidet blir i hovudsak utført om natta og skal etter planen vere ferdig innan 11. juli.

– Vi ber trafikantane ta hensyn til arbeidarane, og køyre roleg forbi anleggsområdet. Hugs at vi gjer dette for å gjere vegen tryggare for deg, seier byggeleiar Johnny Kousgaard Pedersen i ein pressemelding frå Statens vegvesen.

Vegvesenet opplyser at nattarbeid blir prioritert for å sikre både trafikkflyt og tryggleik for dei som jobbar på strekninga.

Statens vegvesen skiftar ut E39-rekkverk frå Heiane til Rød. Illustrasjon: Statens vegvesen
Powered by Labrador CMS