nyhende

Skifta parti og stiller til attval likevel

John Anders Semb sit som uavhengig i kommunestyret, men vart opphaveleg valt inn for Arbeiderpartiet. Planen var eigentleg å gje seg som lokalpolitikar, men no står han på tredjeplass for Tverrpolitisk Fellesliste.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ein stund sidan eg bestemde meg for det. Eg hadde eigentleg ein plan om å ikkje vera med etter skulesaka, men så fekk eg blod på tann, seier John Anders Semb og legg til:

– Og så er det jo vanskeleg å gje seg også, humrar han.

Har bytt parti

Ved forrige lokalval i 2019 stod han på lista for Arbeiderpartiet (Ap) og vart valt inn til kommunestyret.
Skulesaka gjorde at han mista lysten på politikk, og han tenkte difor at attval ikkje var ynskjeleg.

– Men eg måtte jo sitja ut perioden uansett, seier han.

– Kvifor ombestemte du deg?

– Eg er veldig glad i Sveio. Sveio er ein fin bygd, og eg har lyst å vera med å byggja Sveio. Me må vera med å bidra, svarar Semb.

No deler han parti med mellom andre Asle Georg Halleraker på Tverrpolitisk Fellesliste (TvF). Halleraker er også ein annan representant i kommunestyret som tidlegare tilhøyrde Ap. Han melde seg ut av partiet i protest etter lærarstreiken vart stoppa av to Ap-statsrådar.

Ikkje til forventingane

For Semb var årsaka noko anna.

– Kvifor forlet du Ap?

– Det er ulike grunnar, men i hovudsak at dei ikkje stiller til mine forventingar i forhold til det som har skjedd på Stortinget. Det går ikkje i retninga det har gjort tidlegare. Eit arbeiderparti er eit arbeiderparti for meg, slik det bruka å vera. Eg har vore medlem i mange år, svarar han.

– Kva retning burde dei ha gått?

– Eg synest avgiftene dei har sette opp er for høge, prisane på straum og mat går i mot oss. Eg synest dei burde gjera noko, seier Semb.

Håpar på ny periode

Han er ikkje den første lokalpolitikaren som har byta parti. Noverande ordførarkandidat for Framskrittspartiet Ruth Grethe Østebøvik Eriksen byta frå Høgre til FrP i 2015.

Semb har ikkje endra seg politisk meiner han.

– Kvifor gjekk du over til TvF?

– Når du står tverrpolitisk så er du ikkje avhengig av eit generelt parti, og ein kan vera einige med fleire, svarar han.

Han nemner fleire lokale saker som står han nært, mellom anna eit godt tilbod for ungdom og idretten.

– Og ikkje berre i Sveio-bygda, men i heile kommunen, understrekar han.

– No står du på tredjeplass. Vert du valt inn?

– Eg håpar det. Det er vanskeleg å seia, men kjem eg ikkje inn så kjem eg ikkje inn, seier Semb.

Powered by Labrador CMS