nyhende

Kommunehuset i Sveio.
Kommunehuset i Sveio.

Skatteoppkrevjaren i Sveio kommune er historie

For mange privatpersonar og bedrifter er det ei sjølvfølgje å ha dialog med skatteoppkrevjaren når ein har spørsmål om betaling av skatt. Frå 1. november mister sveibuen sitt lokale kontaktpunkt, sidan Skatteetaten overtar oppgåvene frå kommunane.

Publisert Sist oppdatert

Vanlege innbyggjarar har kunna henvendt seg til Sveio kommune når det har dreidd seg om forskots- og restskatt. Bedrifter har i tillegg betalt forskotstrekk og arbeidsgivaravgift til Sveio kommune. Tvangsfordringar har og vore ein del av jobben.

Lokal rådgjevar

– Slik det er i dag, har skatteoppkrevjaren også hatt rådgjevning og besvart spørsmål frå innbyggjarane, forklarar Peter Olav Lura, økonomisjef i Sveio kommune. Han har ikkje tal på kor mange henvendingar det dreier seg om, men det har vore mest private. Opp mot tusen i året er truleg ikkje langt vekke.

Dei siste seks åra er det Silvia Økland som har hatt ansvaret for å krevja inn skatt frå bedrifter og innbyggjarar i Sveio kommune.

Ny jobb

– Alle oppgåvene overført til Skatteetaten, også hennar stilling. Måndag tar ho til i Skatteetaten i Haugesund, seier Lura, som synest den nye ordninga blir eit tap for både sveibuen og økonomimiljøet i kommunen.

Eigedomsskatt er så og seia den einaste oppgåva til skatteoppkrevjaren som blir igjen i kommunen.

Meir effektivt

Sveio kommune har i alle år hatt gode resultat på skatteinnkrevjing.

– Det blir spennande å sjå om resultatet blir like bra, når ordninga blir sentralisert, seier Lura.

Nær 1100 tilsette overførte frå kommunane saman med oppgåvene sine. Skatteetaten har kontor 57 stader i landet, mellom anna i Haugesund. Etter 1. november vil det vera seks tilsette igjen på økonomi- og lønnsavdelinga i Sveio kommune.

Føremålet med å overføra skatteoppkrevjinga frå kommunane, er å styrka kampen mot arbeidslivskriminalitet og svart økonomi, styrka rettssikkerheita og likebehandling, forenkling for skattytarar og ei meir effektiv ressursbruk, ifølgje Finansdepartementet.

Powered by Labrador CMS