Bruken av Facebook er også dalande blant folk, sjølv om kanalen framleis er stor blant dei eldste.
– Betalte kampanjar slutta vi med allereie i 2023. No stengjer vi også for spørsmål, svar og publisering av postar for både privatpersonar og bedrifter. Avgjerda vår omfattar alle Meta-kanalar, det vil seie Facebook, Messenger, Instagram og WhatsApp, seier kommunikasjonsdirektøren.
Etaten satsar frå no av på å bruke sine eigne kanalar – i hovudsak telefon og nettside – og dessutan er redaktørstyrte norske medium ein svært viktig kanal for Skatteetaten.
– Nær sagt dagleg er Skatteetaten til stades i større og mindre medium og rettleier om rettar og pliktar knytt til skatt, avgifter og Folkeregisteret. Skatteetaten skal framleis vera til stades i mange kanalar. Målet er at du skal finna oss når du treng det, understrekar kommunikasjonsdirektør Astrid Bugge Mjærum i Skatteetaten.
I 2023 fekk Skatteetaten 2,5 millionar førespurnader frå folk og bedrifter på telefon. Det vart dessutan registrert 3,3 millionar unike påloggingar på Mi side på Skatteetaten.no.