nyhende
— Skal vera obs på rolla mi
Årets siste valdebatt vert leia av Dagfinn Bjørge. Den utgåande kommunestyrerepresentant for Senterpartiet stiller ikkje til attval, men har likevel forståing for korleis det kan sjå ut.
For tida sit han og jobbar med kva tema og format som debatten i Gullsjøhuset skal ha.
– Me tenkjer å opna for spørsmål frå publikum i salen på slutten av av kvart tema, seier Dagfinn Bjørge.
Spurt av gullforeininga
For tida sit han også som utgåande representant for Senterpartiet i kommunestyret. Han er klar over korleis det kan sjå ut at han skal vera debattleiar.
– Det er gjennom Sveio Gullforeining. Det er dei som arrangerer debatten, og eg er medlem der, seier Bjørge.
Gullforeininga har dei siste to vala heldt debattar, og kjem til å gjera det denne gongen også.
– Kven spurte deg om å vera debattleiar?
– Leiar i foreininga Ragnhild Lysen, svarar han.
Ho står på niandeplass for Arbeiderpartiet i årets lokalval.
Open og god dialog
Både Lysen og Bjørge har gjort sine vurderingar om saka, og har kome fram til at det kan gjennomførast utan problem.
I ein kommune med storleiken som Sveio, er det vanskeleg å koma utanom at ein har fleire «hattar».
– Eg trur dei som er engasjert i det meste også har eit engasjement politisk. Spørsmåla kjem til å vera relevante og uavhengige av politisk ståstad, seier Bjørge.
– Skal du laga dei åleine?
– Eg kjem til å gå i samråd med gullforeininga. Me har også diskutert saman kva tema me bør ha, svarar han.
Hjarte på rett stad og tunga rett i munnen
Bjørge og Lysen har ifølgje han hatt fleire samtalar om habiliteten hans.
– Kva tenkjer du om å vera nøytral i debatten?
– For å seia det sånn: eg har vore debattleiar tidlegare, og eg er politisk engasjert. Eg tenkjer ikkje at det skal vera eit minus. Eg må vera obs på rolla mi, seier Bjørge.
Nokre av temaa er det naturlegvis politisk usemje om, men det er ikkje noko uventa under ein valkamp, tenkjer Bjørge.
– Eg føler ikkje at eg er ein som skal mjøla eit eller anna for nokon. Eg trur eg skal ha tunga rett i munnen, avsluttar han.