nyhende
Fersk skulebruksplan vurderer talet på barneskular i Sveio:
Skal ta stilling til om elevar bør flyttast
Skulebygga blir for store og elevane for få i framtida. I den nye skulebruksplanen ser ein på moglege løysingar for barneskulane i Sveio. Alternativa tilseier at det bør vurderast å flytta elevar frå dei minste skulane til Sveio eller Førde.
Det har lenge vore eit behov for ein skulebruksplan. I 2017 blei det bestemt at arbeidet skulle venta til rehabiliteringa av Sveio skule var ferdig, og arbeidet blei tatt opp igjen etter kommunestyret sitt vedtak i vår, opplyser rådmann Jostein Førre. Telemarksforsking blei tildelt oppdraget med å utarbeida ein rapport som skal danna grunnlaget for ei sak om fastsetting av ny barneskulestruktur i Sveio kommune.
– For å kunna gi elevane eit godt pedagogisk tilbod, må kommunane heile tida vurdera om skulestrukturen er rett, seier Førre.
Den ferske skulebruksplanen er innom ulike tema:
• Kor mange skular bør det vera i Sveio kommune?
• Kor bør skulane ligga?
• Kva for delar av kommunen og kva for aldersgrupper bør sokna til dei ulike skulane?
• Kva for rom bør skulebygga innehalde, og korleis bør bygg og uteområde vera utstyrt?
Fem barneskular
Planen, som har høyringsfrist 22. januar, tar utgangspunkt i dagens løysing for barneskulane, og kjem med forslag til endringar. Det er hovudvekt på talet på skular, med bakgrunn i kunnskapen om nedgang i elevtalet.
Skulebruksplanen som blei presentert for politikarane for ei veke sidan. Rapporten tar utgangspunkt i at Sveio skule og Førde skule er sentralt plasserte i kommunen, og har god kapasitet. Spørsmålet som blir stilt, er om ein då har behov for skular i både Auklandshamn, Valestrand og Vikse i tillegg, for innan 2050 har skulane plass til langt fleire elevar enn det som er venta. Dei tre nemnte skulane har blitt vurdert med tanke på nedlegging, berre behalda 1.-4. trinn – eller halda fram som no.
Topp tre alternativ
Vikse skule: Flytta elevane på 5.- 7. trinn til Sveio skule, og la Vikse skule ha 1.-4. trinn.
Auklandshamn: Oppretthalde Auklandshamn skule som i dag.
Valestrand: Leggje ned skulen og flytte elevane til Førde skule
Estimat for innsparing: ca 2 millionar
Vikse skule: Flytta elevane på 5.- 7. trinn til Sveio skule, og la Vikse skule ha 1.-4. trinn.
Auklandshamn: Leggje ned skulen og flytte elevane til Førde skule/Sveio skule
Valestrand: Leggje ned skulen og flytte elevane til Førde skule
Estimat for innsparing: Ca. 3,4 millionar
Vikse skule: Oppretthalde Vikse skule som i dag
Auklandshamn: Leggje ned skulen og flytte elevane til Førde skule/Sveio skule
Valestrand: Leggje ned skulen og flytte elevane til Førde skule
Estimat for innsparing: ca. 2,7 millionar (+0,45 millionar i investering)
Rapporten er grundig, og tar mellom anna føre seg konsekvensar av skulenedlegging. Det er gjort intervju med ulike personar som har tilknyting til skulane. Kva tid eventuelle endringar i skulestrukturen skal skje, er ikkje klart.
– Først når rapporten og høyringssvara er vurdert, er det naturleg å sjå på eventuell innarbeiding av endringar i forhold til dagens situasjon, seier rådmannen.
Møte i morgon
Alt i morgon, tysdag 15. desember skal det vera ekstraordinært møte i hovudutval for oppvekst og kultur på grunn av skulebruksplanen. Det er for at politikarane i utvalet skal få stilla spørsmål til Telemarksforsking om innhaldet i rapporten.
– Dersom publikum har spørsmål til rapporten, kan dei stilla desse til administrasjonen på e-post i forkant, så skal dette vidareformidlast. Då kan ein merka e-posten med «spørsmål til Telemarksforsking», seier rådmannen, og viser til meir informasjon på Sveio kommune sin nettstad. Her ligg også rapporten, presentasjonen og opptaket av presentasjonen som politikarane fekk 7. desember.
Utdrag frå rapporten:
- Veksten som Vikse har hatt med elevtal, er i ferd med å snu.
- I dag er det 830 på kommunalt grunnskulenivå. I beste fall seier framskrivingar at det i 2050 vil vera 20 fleire elevar i Sveio på barneskulenivå enn i dag. Mellomalternativet stipulerer 80 færre elevar, men det kan også bli 210 færre elevar enn i dag.
- Tilflytting har gitt langt fleire førsteklassingar enn venta ut frå fødselstal – i snitt er tilveksten meir enn 16 barn for kvart årskull.
- Dei fleste elevane går på skule i krinsen dei bur. Frå 2016 til 2020 har 28 elevar søkt seg til ein annan skule i Sveio, 11 elevar går på privat skule i Haugesund.
- Valestrand er prega av fråflytting i skulealder det siste tiåret, men fråflytting skjer også særleg i Sveio og Auklandshamn. Elevtalet i Førde (barnetrinnet) har vakse mest.
- I rapporten blir det foreslått å setja krav til at det skal vera minst 35 elevar i snitt dei tre siste skuleåra, for at Auklandshamn skule skal halda fram som eigen skule.
- I 2019 brukte Sveio rundt 116 000 kroner i grunnskulesektoren per barn i alderen 6-15 år. Det er litt mindre enn det som er vanleg. Mykje blir brukt til skuleskyss, og lite til lokale og SFO.
- I debattar om skulestruktur blir det hevda at bygda døyr om skulen blir lagt ned. Telemarksforsking har hittil ikkje funne støtte for dette i forskningslitteraturen – det er rekna som ein konsekvens av at bygda alt er uttynna.
- Gjennom intervju med rektorar, tillitsvalde og FAU-representantar ved alle barneskulene i Sveio kommune har det kome fram ulike synspunkt omkring i kva grad elevane sin trivsel blir påverka positivt eller negativt av storleiken på skulen.
- Nokon hevdar at større skule vil gi tilgang på eit større sosialt miljø og at sjansen for å finna nokon ein trivst med aukar. Andre hevdar at ein stor skule er uoversiktleg, og det kan opplevast tryggare på ein mindre skule der «alle kjenner alle».