nyhende

Skal symja heilt frå Bømlo til Auklandshamn

Om to veker skal Richard Jacobsen og eit lag på sju mann symja heilt frå Bømlo til Auklandshamn.

Publisert Sist oppdatert

I luftline er avstanden på om lag 5,6 kilometer, og turen har med god grunn fått namnet «Swim Trim».

Det høyrest kanskje skummelt ut å symja ein såpass lang distanse, men det er ingen grunn til panikk:

— Me har eit godt opplegg med følgjebåtar og kommunikasjon med desse. Redningsselskapet, Raudekrossen og Kvitsøy trafikksentral er varsla, og me har eit høgt fokus på tryggleik, slår Jacobsen frå Auklandshamn fast.

Denne symjeturen er eit privat arrangement som Jacobsen og nokre vener av han starta opp med i 2011. Frå og med då brukte dei å symja frå Nappholmane til Auklandshamn, men i fjor bestemte dei seg for å utfordra seg sjølv ytterlegare.

— Me ville prøva å koma oss over Bømlafjorden. Dette gjekk over all forventning, og difor ynskjer me ein repetisjon av denne suksessen i år.

Jacobsen er oppvaksen i Auklandshamn nær sjøen og har alltid likt å symja.

— Det er ei god og skånsam treningsform. Saltvatn på huden er sunt! seier han.

Den lange symjeturen vert avslutta med After-Swim i garasjen hans.

Powered by Labrador CMS