nyhende
Skal skyta for Sveio
Ordføraren i Voss Hans-Erik Ringkjøb (Ap) inviterer alle ordførarane i Vestland til ein skytekonkurranse i sommar. Sveio har svara «ja», og skytetrenar for ordføraren vert nordisk ungdomsmeister og sveibu Olve Grønås Birkeland.
Til vanleg er rolla hennar å kjempa for Sveio med ord og finna løysingar i fellesskap. Men seinare i sommar skal ordførar Linn Therese Erve (Ap) ta våpen i hand for heimkommunen sin ære.
Ho skal nemleg representera Sveio i ordførarduell på landskyttarstemne i sommar. Det skal haldast på Voss, og ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) har invitert alle ordførarane i Vestland til å delta.
Tilbake til ungdomstida
Sveio takka ja. Og for Erve er det tilbake til ein gamal hobby.
– Eg dreiv med skyting på Sveio skyttarlag i min ungdom, seier ho.
– Var du flink?
– Midt på treet, svarar ho.
Landskyttarstemnet vert arrangert av Det Frivillige Skyttarvesen (DFS), og dei har bedt lokale skyttarar om å trena ordførarane sine.
Den tidlegare trenaren hennar Arne Birkeland fortel at ho ikkje var midt på treet, men ein god skyttar. Han hugsar at ho hevda seg bra på regionalt nivå.
Birkeland kjem ikkje til å trena ho denne gongen. Det lar han sonen sin Olve gjera.
Meister som trenar
Olve Grønås Birkeland er to gonger nordisk ungdomsmeister, og Norgesmeister for dei under 20 år i skyting.
– Det var ekstremt kjekt å kunne trena ordføraren, eg føler meg litt heldig, seier han.
Onsdag forrige veke var Grønås Birkeland på skytebana med Erve.
– Det vart veldig bra, ho skyt godt, seier han.
Saman øvde dei på skytinga ho skal gjera i konkurransen.
– Me tok ein prøverunde, og så skaut me tre gonger fem skot, seier Erve.
Resultata frå første trening lovar godt.
– Det ligg jo litt det framleis, seier ho om ferdigheitene.
Grønås Birkeland er samd, men seier det også er nokre småting ho må øva på.
– Ho må trena litt på rutinar, og så er avtrekk viktig å trena på, seier han.
Erve har planar om å trena litt meir i sommar. Ungdomsmeisteren har trua på ordføraren som skal skyta for Sveio.
– Me satsar på siger, eg trur det kjem til å gå veldig bra, seier han.
MERKNAD: i den første utgåva av artikkelen sto det at fylkesordførar Jon Askeland (Sp) sto bak invitasjonane. Det var feil, og me ber om orsak.