nyhende
Skal planlegga ny vaksinerunde mot korona
Regjeringa tilrår oppfriskingsdose mot covid-19 for dei som bur på sjukeheim og personar som er 75 år og eldre. I Sveio skal den nye vaksinerunden planleggast måndag.
Kommunane er i dag bedne om å gjennomføra vaksinasjon så snart som mogeleg, og helst i løpet av april. Det gjeld for personar som det er meir enn seks månadar sidan fekk førre dose.
Hensikta er å gje dei aktuelle gruppene tryggleik mot korona før ei mogeleg smittebølge våren eller sommaren 2023.
Høgast risiko
Beslutninga er basert på råd frå FHI, då personar i aldersgruppa 75 år og eldre og sjukeheimsbebuarar er gruppene som har høgast risiko for alvorleg sjukdomsforløp.
— Me skal ha møte måndag og planlegga korleis denne vaksinerunden skal gjennomførast. Så snart det praktiske er avklara, vil me gå ut med meir informasjon, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg.
Få tok fjerde dose
I Sveio var det veldig få som nytta seg av mogelegheita til å ta ein fjerde dose koronavaksine.
— Me hadde nokre oppsamlingsdagar, men det kom ikkje fleire enn 20 på det meste. Vaksinekontoret vart likevel oppretthalde, og hadde litt vaksinering heile vegen. Det gjer at me i utgangspunktet er greitt organisert, seier Toft.