nyhende
Skal kåre dei beste verane i Sveio
Laurdag vert ein av dei store dagane i året for sauehaldarane i Sveio, når det årlege kåringsjået for verlam vert avvikla.
70-80 verlam frå vert laurdag vist fram for bedømming på kaien ved butikken i Valevåg.
Gammal kjenning
Norsk kvit sau (NKS) er den største rasen på sjået, men det vil også vera kvit og farga spæl. I år kjem også Ryggjarasen til vera representert, dette var den største rasen i kommunen før og det er nok nokre som gler seg til å sjå denne rasen att. Pelslam kan også dukka opp.
Dyra, som kjem frå 8-10 eigarar, vert sjekka sjekka om dei har gode bein og god ullkvalitet. Dessutan om dei har brukseigenskapar som er gode i framtidas avlsarbeid, til dømes om dei kan gi lette lammingar på døtrene sine.
Høgt nivå i Sveio
Avlsarbeidet i Sveio ligg på eit høgt nivå. Dei tre siste sesongane har sauehaldarar i Sveio levert tre verar til Staur seminstasjon ved Hamar. Her sender Norsk sau og geit semin til heile landet av dei verane med høgaste indeks.
— Me vonar at vêret vert betre enn dei siste åra der me har måtta avlysa sjåa på grunn av regn og ikkje minst vind. Då har me hatt gardskåring i staden, fortel leiar Martin G. Haugland i Sveio sau og geit.