nyhende
NRK satsar på kjendisar:
Skal kappast om å meistra sommaren best
Kjendisar som kappast om å meistra sommaren best, er ein av hovudingrediensane i NRKs sommarmeny.
«20-stjernes sommarferie» er tittelen på storsatsinga, som har premiere måndag 30. juni.
«Rekeplukking, stasjonsvogntetris, nattbading, flått og språkbarrierar er blant utfordringane denne årstida kastar på oss», heiter det om kva som vil møta deltakarane.
Frå 24 til 20
Ikkje uventa er det gjengen bak «24-stjernes julekalender» som står bak, medan Silje Nordnes er programleiar.
– Juletradisjonar er viktige for nordmenn, men det er jaggu sommarferien òg, seier prosjektredaktør i NRK, Gitte Calmeyer, som håpar «20-stjerners sommarferie» kan skapa like god stemning hos sjåarane som julekalenderforgjengaren.
Mjuke og drivne
– Alle kasta seg inn i absolutt alle oppgåver med hud og hår. Det blir både inspirerande og skikkeleg gøy, seier Silje Nordnes.
I forkant vart personlegdommen til deltakarane utforska gjennom personlegdomstesten Big Five. Analyseekspert Nils Brenna, kjent frå Harald Eias podkast av same namn, kartla dei:
– Dei er nærare, gladare, meir hjelpsame, emosjonelle og empatiske enn gjennomsnittet. Dette er det me kan kalla «mjuke» verdiar. Men i tillegg er dei også meir drivne enn andre, dei vil opp og fram, seier Brenna om personlegdommane til kjendisknippet.
Dette er dei 20
Som består av den vanlege blandinga av influensarar, artistar, sportskjendisar, programleiarar, politikarar, komikarar, eit par aktivistar og ein meteorolog:
Iselin Guttormsen, Cecilie Ramona Kåss Furuseth, Kasper Kvello, Espen Aas, Mimmi Tamba, Olav Svarstad Haugland, Selene Fjellvang Lie, Kevin Kildal, Asbjørg Nesje, Gyda Ulrike Oddekalv, Rafael Escobar Løvdahl, Margrethe Røed, Mohamed Salah Ahmed, Frank Espen Muzamura, Kjell Øverland, Bjørg Thorhallsdottir, Anja Bakken Riise, Sveinung Rotevatn og Mari Nordén.
I forkant blir Kåss Furuseth skildra som «vennleg, konfliktsky, bekymra», medan Guttormsen er «glad, sofistikert, stri» og Dagsnytt 18-Aas er «stram, medvite, rigid».
Dette skjer
I kvar episode vil skåren til deltakarane på eitt personlegdomstrekk bli avslørt. Deretter blir dei kasta ut i fantasifulle oppgåver som testar dei i dette trekket.
Ein deltakar må forlata programmet per episode.
– Me håpar publikum vil la seg underhalda, men ikkje minst få kjenna etter kva slags ferieeigenskapar dei sjølv har, seier prosjektredaktør Calmeyer.