nyhende

E39 gjennom Sveio.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
E39 gjennom Sveio.

Skal greie ut mobildekning på riksvegar

Publisert Sist oppdatert
NPK: Stortinget har gjort vedtak om at regjeringa skal utarbeide ein plan for utbygging av mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar.

Analyses Mason har gjennomført ei utgreiing i samband med vedtaket frå Stortinget, skriv Kommunal- og distriktsdepartementet.

Målet med utgreiinga har vore å danne eit grunnlag for utbetringsarbeidet, gjennom å definere kva som utgjer eit dekningshol langs ei vegstrekning, skildre relevante metodar for å utbetre slike dekningshol, kartleggjedekningshol langs eksisterande riksvegstrekningar, utarbeide kostnadsoverslag for fjerning av slike dekningshol, og dessutan foreslå prioriteringar knytte til gjennomføring av eit utbetringsarbeid.

– Gode mobiltenester der folk ferdast føreset tilstrekkeleg mobildekning, skriv Kommunal- og distriktsdepartementet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS