nyhende

Sveio golfpark ny driving range servicebygg dronefoto 16.02.21
Planområdet ved Sveio Golfpark skal utvidast med 60 mål.ARKIVFOTO

Skal grava etter fortida i golfparken

I Sveio skal det gjerast arkeologiske undersøkingar i samband med utviding av Sveio Golfpark.

Publisert Sist oppdatert

Planområdet det skal utvidast på er rundt 60 mål, og strekkjer seg over svært ulikt terreng. Før området blir frigitt skal området undersøkast nærmare.

Leitar etter fortida

Utgangspunkt for undersøkinga er å leita etter tufter til gardsanlegg og utmarksminne, dyrkingspor etter gamle fossilar og åkerlag, kokegroper og liknande.

Ifølgje Glenn Heine Orkelbog, fagleiar/feltarkeologi i Vestland fylkeskommune vil dei starta opp feltarbeidet så snart dei har gode arbeidstilhøve, det vil seia så snart vinteren har slept taket.

– Kva metode blir brukt?

– Metodisk vil me tilpassa oss planområdet. I dyrka mark er det vanleg å gå inn med gravemaskin, medan me i utmark oftare grev prøvestikk for hand og driv med overflateregistrering av kulturminne.

Rapport

Eventuelt funn vert dokumentert og presentert i eigen rapport.

— Rapporten gjev grunnlaget for tilbakemeldinga frå saksbehandlar i saka, opplyser Orkelbog.

Powered by Labrador CMS