nyhende
Skal gå frå Lindesnes til Nordkapp
I morgon startar transportetappa til det store tureventyret for sveibuen Ida Hermans. Saman med venninna Ida skal ho gå Noreg på langs. Ein tur på 2.800 kilometer over fem månader.
På det store kjøkkenet til foreldra Inga Turid og Willy Hermans, er det laga stiar mellom kassar, hundrevis av porsjonspakkar av ulike slag, turutstyr og alt anna ein treng for å klara seg aleine langt unna folk og butikkar. Det er innspurt i pakkinga av kassane som skal sendast til dei 21 depota på ruta mellom Lindesnes og Nordkapp.
– Eg trur foreldrene mine er dei som kjem til å bli mest glade når eg drar. Då får dei endeleg plass på kjøkkenet igjen, ler Ida og viser veg inn i stova.
27-åringen skal gå turen saman med ei god venninne, Ida Ellingsrud frå Florø, som ho har vore mykje på tur saman med dei siste åtte åra. Men sjølv om dei etter kvart har ein del harde turar bak seg, kan ingenting samanliknast med eventyret som Team Ida startar på sundag morgon.
Korona-utfordringar
– Eg er svært glad i den norske naturen og elskar å dra på tur. Å gå Noreg på langs har eg tenkt på ei stund. For eit år sidan fann eg ut at skulle eg gjera det, måtte eg hoppa i det no.
Først måtte politibetjenten søka permisjon frå lensmannskontoret i Ølen. Å få ja til seks månader fri var ikkje sjølvsagt. Då det var innvilga, ringte Ida til Ida og sa at no blir det tur neste år. Ida i Florø fekk også permisjon, og sidan har planlegginga pågått for fullt.
– Det er mykje som skal på plass, men me låg greit an før koronaen kom. Då var det ein periode der me lurte på om turen gjekk i vasken med alle restriksjonane. Me skal jo gå gjennom veldig mange av kommunane i landet. Den einaste delen av turen me ikkje veit om me får gå no, er dei delane av ruta som er innom Sverige og Finland. Det tar me undervegs og endrar ruta om me ikkje får passera grensene, seier Ida.
Etapper på fem til 14 dagar
Dei hadde planlagt å bruka seks månader frå mai til oktober. På grunn av koronaen er det no kutta ned til fem månader. Likevel er turen lagt opp slik at dei har tid til å ta kviledagar eller bruka lengre tid i område dei synest er spesielt fine.
– Me vil gå minst mogeleg på veg, og då måtte det bli den ruta me har valt. Etappane varer frå fem til 14 dagar. Dei fleste ligg på sju dagar, inkludert ein kviledag. Den lengste etappa går frå Sulitjelma til Abisko gjennom Sarek nasjonalpark. Abisko er i Sverige, så det kan bli ein del av ruta me må endra, seier Ida.
Kostar å dra på tur
Sjølv om Team Ida kjem til å leva enkelt og sova i telt, kostar det å dra på ein slik tur. 30.000-40.000 kroner for det som trengs i løpet av turen. Så er det alle faste utgifter som bil, lån og forsikringar i det daglege som må betalast. For Ida er det snakk om rundt 60.000 kroner. Det kjem vel med at ho har spara opp 100.000 før turen.
– Dei siste månadane har eg budd heime for å spara husleige. Det er fantastisk å få middag kvar dag, men ikkje minst all hjelpa eg får med førebuinga. Det er blitt reine familiebedriften, og eg er veldig heldig. Foreldra mine har også ansvaret for å senda pakkane til depota etter kvart. Dei skal vera med til Lindesnes og sjå Team Ida vel avgårde 24. mai. Veslebror Petter blir også med for å filma starten, og mamma skal gå i lag med oss nokre dagar i sommar, fortel Ida.
Første dusj etter Lindesnes
Å få avtalar med postkontor, fjellstover og DNT-hytter har også vore litt av ein jobb. På grunn av koronaen måtte det gjerast seinare enn planlagt for å vera sikre på at hyttene var opne og kunne ta imot og levera ut pakkane.
– Me hadde tenkt å nytta oss av DNT sine hytter undervegs. Særleg om det var dårleg vêr, for å sova tørt og tørka klede. No blir det nesten berre overnatting i telt. Me har kvar vårt lette tomannstelt. Både for å få litt privatliv, men også på grunn av tryggleik. Kjem me ut for veldig dårleg vêr, slår me opp eitt telt og veit at me har det andre teltet inntakt. Ei overnatting inne står framleis 100 prosent på planen: Rondane Spahotell. Det blir vel den første skikkelege dusjen me får etter Lindesnes, seier Ida.
Mesteparten av ruta går langt unna folk – og straum. Dei har derfor med seg solcelleladar til mobil og GPS-en som også har satelittelefon. Den skal mellom anna brukast til kontakt med næraste familie, får oppdaterte vêrmeldingar og som naudsendar.
Må bli ven med sekken
– Kva blir den største utfordringa?
– Å bli ven med den tunge sekken. Den blir på rundt 25 kilo, og det er mykje meir enn det eg er van å gå med på tidlegare turar. I tillegg kjem til dømes skiutstyr. Det er veldig mykje snø i fjellet i heile Noreg, så det ser ut til at me kjem til å gå på ski lengre enn me trudde.
– Det blir Ida og Ida 24 timar i døgnet i fem månader. Korleis går det?
– Først og fremst er det veldig kjekt å dela opplevinga med nokon. Me har vore så mykje på tur i lag at me er trygge på at det kjem til å gå veldig bra. Om me treng å vera for oss sjølve litt, kan til dømes ein starta på dagsetappa ein time før den andre. Det er dessutan ein stor tryggleik å vera to om det skjer uhell, ein skadar seg eller får akutt sjukdom, seier Ida.
Har ikkje planlagt feiring og heimtur
Svaret kjem kjapt når me spør kva ho kjem til å sakna mest: familie, vener og kollegaer. Å sova i ei god seng, kjem deretter.
– Korleis skal det feirast når de kjem til Nordkapp?
Ho bryt ut i latter og fortel at det har ho ikkje svar på no.
– Me har vore så fokusert på å planlegga turen fram til Nordkapp at me rett og slett ikkje har tenkt på kva som skjer når me kjem dit. Til dømes korleis me skal koma oss heim. Men eg reknar med noko av det første me gjer er å eta ein betre middag.
Ida er ein av Turjentene og har blogga for dei ein del år. På turjenter.no kan du lesa meir om førebuingane til turen. Oppdatering undervegs skjer via Instagram. Der kan du følgja Team Ida via @idahermans.