nyhende

Havforskar Esben Moland Olsen får over ni millionar kroner av Forskingsrådet, for å forske på kva fiskepress retta mot torsk har å seie for økosystem langs kysten. Foto: Inger Robøle Kristiansen/NPK
Havforskar Esben Moland Olsen får over ni millionar kroner av Forskingsrådet, for å forske på kva fiskepress retta mot torsk har å seie for økosystem langs kysten.

Skal forske på fiskepress mot torsk langs kysten

Publisert Sist oppdatert
NPK: Havforskar Esben Moland Olsen får over ni millionar kroner av Forskingsrådet, for å forske på kva fiskepress retta mot torsk har å seie for økosystem langs kysten.

– Det har ikkje sokke heilt inn endå, men kjenst heilt fantastisk, seier havforskar Moland Olsen i ei sak på nettsidene til Havforskingsinstituttet (HI).

Målet er å finne ut korleis fiskeria påverkar både enkelte fiskebestandar, men også «heile system» lokalt.

– Det vi på mange måtar undersøkjer her, er rett og slett evolusjon. Påverkar fiskeria korleis økosystema utviklar seg langs kysten vår, og på kva måte?, seier havforskaren.

Prosjektet har utgangspunkt i Skagerrak, men Moland Olsen meiner resultata vil vere relevante for heile landet.

– Skagerrak er eit område som er under sterkt press av mange ulike typar menneskeleg aktivitet. Her er også område som er heilt stengde for fiske, som Tvedestrandsfjorden, og område der fisket er regulert, som Raet, Hvaler og Færder.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS