nyhende

Lions Club Sveio med stand
– Kjøp ein vaffel og støtt vårt internasjonale arbeid, oppfordra Kjell Gunnar Nymark t.v. og Svein Olav Rossebø i Lions Club Sveio.

– Skal det vera ein vaffel?

Det gjekk unna på vaffelrøra då Lions Club Sveio stilte med stand utanfor Coop Extra Sveio ein fredag i juni.

Publisert Sist oppdatert

For å få merksemd om sitt frivillige arbeid internasjonalt, og den flotte innsatsen som 1,4 millionar Lions-medlemmer i over 200 land gjer, har Lions Norge sett lørdag 12. juni som merkedag, ein eigen vaffeldag. Nokre klubbar valde alternative dagar for sin aksjon, slik som Lions Club Sveio.

På standen traff me Svein Olav Rossebø og Kjell Gunnar Nymark som baud på både nysteike vaflar, syltetøy og kaffi. Pluss informasjon om det frivilllige arbeidet i Lions-klubben.

Nyvald president

I forhold til dei fleste som har vore med i ei årrekkje, er Sveio Olav Rossebø med sine knappe tre år som medlem i Lions Club Sveio, relativt fersk. Nyleg sa han ja til å overta presidentvervet i klubben som har litt i underkant av 30 medlemmer.

– Sidan eg jobbar turnus er det trygt å vita at nokon kan steppa inn og ta leiaransvaret i dei tilfella eg er på jobb, seier Rossebø som er serviceskipper for Alsaker Fjordbruk.

Rebus berga fjoråret

– Korleis ser Lions-hausten ut i Sveio?

– Framover blir det ein pause fram til eit stykke ut i august, deretter kjem det litt an på koronasituasjonen. Men me har heldigvis klart å halda ganske bra økonomisk liv i klubben, trass pandemien. Me har fått litt tilskot, i tillegg til at julerebusen vår i fjor slo godt an, så me har kome ståande frå det, opplyser dei to lokale Lions Club-representantane.

Powered by Labrador CMS