nyhende
Skal det sjå slik ut?
Over alt langs vegane i Auklandshamn ligg det nedkutta greiner og tre etter at kommunen har rydda langs vegkantane. Skal det sjå slik ut, og er dette rydding? undrar ein lesar.
Svaret er nei, det skal ryddast, men det blir prioritert til sist. Oppsynsmann for veg i Sveio kommune, John Anders Semb oppklarar:
– Med tida skal det ryddast, men når det er grunneigarar som ikkje klipper ned tre og greiner som stikk ut i vegen blir slik. Me i vegavdelinga er ute for full maskin for å sikra siktsoner på kommunale vegar. Det er så tilgrodd at me først konsentrerer oss om å klippa ned, seier Semb.
Akkurat no jobbar dei på Skiftestadvegen.