nyhende
Skal brenna 800 mål med lyngheier
Årets store lyngbrenning startar i dag, tysdag. – Det er perfekte forhold no, og me håper å nå målet om å brenna dei 800 måla det er godkjent plan for, seier Torbjørn Larsen.
Han er leiar i Ryvardsmarka beitelag og med i Haugaland lyngbrannreserve avdeling Sveio.
Lyngbrenninga startar frå Kvednavatnet og går utover mot sjøen. Sjølv med perfekte forhold, tar det tid å rekka over eit så stort område.
– Planen er å brenna tysdag, onsdag og torsdag. Deretter blir det ein liten pause før me tar siste rest laurdag, seier Larsen.
– Korleis vil dette berøra folk som har tenkt seg til Ryvarden?
Turstien vil bli berørt
– Me kjem ikkje ned til grusvegen utover, men turstien vil bli berørt. Kanskje rekk me det området før me gir oss torsdag, men i utgangspunktet er det ein del av området me har planlagt å brenna laurdagen, seier Larsen.
Det vil bli skilta kvar arbeidet pågår, og det vil også vera folk som passar på.
Dette er den nest siste lyngbrenninga før heile lyngområdet rundt Ryvarden er brent ned. Siste del kjem til neste år når områda inntil vegen ut til Ryvarden skal brennast.
– Når det er gjort går me i gong med mindre brenning for å vedlikehalda arbeidet som er gjort dei siste åra, fortel Larsen.
1.000 mål i fjor
I fjor var dei dei litt tidlegare ute, men måtte brenna i to omganger. Målet var 1.000 mål, og det kom dei i hamn med: