nyhende
Sjukehusa ber om mindre besøk – og at folk følgjer reglane
Helse Fonna ber folk nok ein gong om å vurdera i kva grad besøk er nødvendig, og at dei som kjem på besøk følgjer reglane.
Det har dei siste to vekene vore høg aktivitet ved fleire av sjukehusa i Helse Fonna, med mange innlagde pasientar, og dermed er det mange som ønskjer å besøka sine næraste. Dette har ført til at det somme tider har vore lange køar i visittida, og Helse Fonna minner folk om besøksreglane, blant anna det at det berre skal vere éin besøkjande per pasient, opplyser
Helse Fonna.– Ein skal avgrense besøk og talet på kontaktar, og då er det naturleg at dette også gjeld på sjukehuset, seier Klausen. Helse Fonna-direktøren håpar folk – både pasientar og deira pårørande – skjønar kor viktig det er å ta smittevern på alvor, og halde sjukehusa frie for smitte, for at ein skal kunne oppretthalde drifta.
Nødvendige besøk
Med nødvendig besøk meiner ein besøk til alvorleg og kritisk sjuke pasientar, pasientar i siste fase av livet, pasientar som er innlagt over tid, og der besøk er viktig for behandling og/eller livskvalitet, og besøk til barn og ungdom.
Pasientar som ligg inne i kort tid, gjerne berre eit døgn eller to, eller har mindre alvorlege og avklarte diagnosar, er døme på pasientar som kanskje klarar seg fint utan besøk.
– Dette er ikkje noko vi gjer for å vera vanskelege, men av omsyn til tryggleiken for våre medarbeidarar og pasientar, understrekar Klausen.
Helse Fonna har ei beredskapsside med nyttig informasjon.