nyhende

Fredag var
Fredag var

Sjukehusa ber folk avgrensa besøk

Besøksforbodet ved Stord sjukehus held fram inntil vidare. Helse Fonna ber folk om å vurdera i kva grad eit besøk på eitt av Helse Fonna sine sjukehus eller DPS er nødvendig.

Publisert Sist oppdatert

Måndag kveld blei to av dei tre covid 19-pasientane i Helse Fonna skrivne ut, slik at det no berre er éin pasient med påvist smitte i føretaket, på Stord sjukehus. Besøksforbodet held fram, men blir fortløpande vurdert, opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.

Helse Fonna ber publikum om å avgrensa besøk ved føretaket sine sjukehus og DPS-ar, og minner om besøksreglane:

  • Alle besøkande skal få spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.
  • Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon, eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.
  • Pasientar med uavklart covid-19 skal ikkje ha besøk.
  • Besøkstid er mellom kl 16.00 og 17.30 alle dagar.
  • Besøkande må utføra god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Dei må informerast om å halde 1 meter avstand.
  • Éin besøkande per pasient
  • Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom
  • Besøk inntil éin time på enkeltrom
  • Unntak kan gjerast dersom det er strengt nødvendig.
Powered by Labrador CMS