nyhende
Sjuk i ferien – kva rettar har du?
Mange har logga av PC-en og sett arbeidsskoa på hylla. Kva skjer om du er så uheldig å bli sjuk medan du har ferie?
Kvar sommar opplever mange arbeidstakarar at ferieplanane blir øydelagde av sjukdom.
Rådgivar Trine Skoglund Kleftås i Arbeidstilsynet forklarar i denne meldinga noko om kva rettar arbeidstakarar har i slike situasjonar.
Må dokumenterast
Ho viser til at ifølgje ferielova, og eventuelle tariffavtalar, kan arbeidstakarar som blir sjukmelde i ferien, få feriedagane utsett frå første sjukedag, inkludert laurdagar.
For å få ny ferie må sjukdommen dokumenterast med legeerklæring, og arbeidsgivar må informerast så raskt som mogleg. Det er viktig å merke seg at ein må vere heilt sjukmeld – 100 prosent – for å ha rett til ny ferie.
Utsett ferie
Dersom du blir heilt arbeidsufør før ferien, kan du også få utsett ferien til seinare på året. Dokumentasjon med sjukmelding og rask kommunikasjon med arbeidsgivar, seinast siste arbeidsdag før ferien, er nødvendig.
Kleftås understrekar at det er viktig å vurdere behovet for å utsetje ferien. Ein skade som normalt ville gjort ein arbeidsufør, som ein brekt finger, treng ikkje hindre gjennomføring av planlagd ferie. Omvendt kan ein brekt ankel påverke ferieplanar som fjellturar, sjølv om ein har ein kontorjobb.
– Det er viktig å diskutere situasjonen med legen for å vurdere kor arbeidsufør ein er, opplyser Kleftås.
(©NPK)
jan.inge.fardal@npk.noBilete: dvDm3WLBOIA
Sjekk med Arbeidstilsynet kva rettar du har om du blir sjuk eller skadd i ferien. Illustrasjonsfoto: Arbeidstilsynet / NPK