nyhende
Sju politikarar tar stilling til skulesaka i kveld
Sju politikarar blir samla på skjermen, mellom anna for å diskutera den heitaste saka i Sveio om dagen.
Saka blir ei av totalt 15 saker denne ettermiddagen/kvelden. Det er sett av tid til møtet frå kl. 17.00-21.00, men ein kan gjerne forventa seg at det tar lengre tid. Skulebruksplan for Sveio kommune 2012-2027 er sett opp som nest siste sak.
Nokre av kommunestyrerepresentantane har gitt uttrykk for sine meiningar, andre ikkje. Sveio FrP har fire representantar i kommunestyret, to av dei møter også i formannskapet.
Me tar kontakt med gruppeleiar for kommunestyregruppa, Rune Teikari for å høyra korleis dei har jobba, kva dei tenker om saka så langt – og kva dei vil stemma for.
Feil å forskottera
– Me har brukt tida sidan saka kom ut, og fram til formannskapsmøtet til å setja oss inn i saka. Å forskottera kva ein skal stemma før eit møte blir feil. Det kan komma nye moment i saka, eller framlegg til vedtak som må vurderast der og då, seier Teikari.
For eigen del kjem han til å støtta innstillinga frå hovudutval oppvekst og kultur, eller eit tilsvarande framlegg i formannskapet, om det ikkje kjem heilt nye moment. Det vil seia at Teikari i utgangspunktet støttar rådmannen sitt framlegg til vedtak om å leggja ned to skular i år.
– På same tid er saka viktig, og me vil halda fram med prosessen i kommunestyregruppa fram mot kommunestyremøtet, seier Teikari.
Ruth G. Østebøvik Eriksen frå same parti, ønskjer ikkje å uttala seg før møtet.
Desse møter fast i formannskapet
- Linn Therese Erve (Ap)
- Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP)
- Rune Teikari (FrP)
- Håkon J. Skimmeland (Ap)
- Monica V. Valen (Sp)
- Lars Einar Hollund (H)
- Jarle Jacobsen (KrF)