NPK-NTB/VESTAVIND: Måndag kom det eit nytt hopp i lokale smittetal. Også i Sveio er trenden stigande. Måndag var det registrert sju nye smitta sveibuar.
Tala fra FHI er basert på i kva kommune den smitta har folkeregistrert adresse i.
Sidan starten av pandemien er det registrert 361 smitta sveibuar.
Helse Fonna melde måndag om eit nytt koronarelatert dødsfall på Haugesund sjukehus.
Talet på innlagde koronasmitta pasientar i Helse Fonna-området på veg ned. Tysdag er talet seks.

Lokale smittetal
Ny smitte registrert hos personar med folkeregistrert adresse i kommunane 24. januar 2022:
Sveio: 7
Haugesund: 83
Karmøy: 107
Tysvær: 19
Bokn: 0
Utsira: 0
Vindafjord: 10
Etne: 0
Stord: 32
Bømlo: 28
Kjelde: FHI/VG
Noreg: 18.542 nye smitta
Siste døgnet er det registrert 18.542 koronasmitta i Noreg. Det er 7.511 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 16.816 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 10.359, så smittetrenden er stigande.
Måndag var 255 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 28 fleire enn dagen før.
1.414 døde i Noreg
67 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 44 respiratorbehandling. Det er like mange på intensiv og éin færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
I alt har 641.138 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.
Til saman er 1.414 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.
(©NPK)