nyhende

Sjølvbetent julemarknad på SOS

– Dette er den opnaste og mest sjølvbetente marknaden i Sveio, skryt kokken Anne-Grete Ditløvsen.

Publisert Sist oppdatert

Saman med aktivitør Mirijam Simonsen presenterer ho salsutstillinga til arbeidsstova ved Sveio omsorgssenter (SOS). Utstillinga er plassert i vestibylen like innanfor hovudinngangen og har no fått tydeleg julepreg.

– Elles har me produkt til sals heile året. Dei blir plasserte ut her straks dei er ferdige, fortel Ditløvsen og Simonsen.

– Vekas høgdepunkt

Rundt ti menn er aktive i arbeidsstova saman med tre frivillige. Mennene kjem frå avdelingane ved SOS og eldrebustadene rundt.

– Dei samlast her to timar kvar måndag. Det er vekas høgdepunkt for mange. Her får dei kaffi og mat og sosialt samvær, fortel Simonsen, som er aktivitør saman med Stina Marie Strømsvold.

Det går mest i trearbeid. Det blir laga små trillebårer, fuglekassar, turstavar, smykkeskrin og ulike slag dreiearbeid. Utstillinga i vestibylen inneheld også strikkeplagg og blomsterdekorasjonar, men det kjem frå tilsette og andre utanfrå.

– Kvifor er ingen damer med på arbeidsstova?

–  Damene er velkomne om dei vil, men akkurat no er det berre menn som er aktive. Me vil gjerne også ha fleire frivillige hjelparar, både damer og menn, seier Simonsen.

Open for alle

Ute på marknadsplassen i vestibylen er alle produkta merka med prislappar og Vipps-nummer ein kan betala til.

– Her kan kven som helst koma og sjå og kjøp rimelege julegåver, reklamerer Ditløvsen og Simonsen.

Dei reknar med oppsving i etterspurnaden no før jul. Inntektene frå salet går til innkjøp av nye materialar, fortel dei to damene.

Powered by Labrador CMS