nyhende
Sjette våtaste juli på 120 år
Førre månad blei ei fuktig affære. Loggen til målestasjonen på Straumøy gard i Valevåg fortel at me hadde sju dagar utan nedbør.
Meteorologisk institutt stadfester i ei melding det me alt har kjent på – ein kald og våt julimånad. Leif Grutle er ein veteran å rekna innan måling av nedbør, han er ein av dei som bidrar til slike klimatologiske oversiktar. Kvar dag i over 30 år, helst klokka 08.00 har han gått ut for å sjekka kor mykje regnvatn som kan ha samla seg i målaren som står på garden.
192,7 mm på eitt døger
Grutle er førebudd då Vestavind tar kontakt, og har oppsummeringa for juli klar:
– Det var sju dagar utan nedbør, og dei var veldig fine. Mesteparten av desse dagane var i slutten av juli. Det var første delen som blei våtast, seier han, og viser til at behaldaren på det meste har romma 37,4 millimeter vatn på eitt døger. Totalt var det 193,2 mm nedbør i heile juli på Straumøy. Det er vått nok for ein sommarmånad, men ingen rekord.
Vêret viste seg altså ikkje frå si beste side i fellesferien i år. For eit par år sidan var det motsett.
– For to år sidan hadde me ein tørkesommar utan like. Kontrastane mellom periodar med varme, kulde og nedbør blir større, oppsummerer Grutle.
Sidan 1980-talet
Det var då garden la om til økologisk drift på midten av 1980-talet, eit kartleggingsprosjekt gjekk i gong, der det mellom anna var viktig å få fram nedbørsmengd i forhold til dyrking. Så har prosjektet halde fram, sidan Meteorologisk institutt har behov for opplysningane.
Med tida har utviklinga sjølvsagt gått sin gang. Det er for lengst slutt på å senda nedbørskort i posten, og rapporteringa har blitt digital – og meir omfattande.
I tillegg til å melda om eventuell nedbør, blir det sendt inn eit spekter av vêrobservasjonar, som blir brukt til å kalkulera risiko for til dømes skogbrann, flaum og rasfare.
Nærliggande nedbørsmålarar er plasserte i Sauda, Vikedal, Vats, Karmøy, Utsira og Etne.
Kulde- og nedbørsrekordar
Tilbake til Meteorologisk institutt sin julirapport, som fortel at målestasjonar har hatt to og ein halv, til tre gonger normal nedbørsmengd i juli. Våtast var det i Rogaland og Agder med 250-300 % over normal mengde nedbør. Til samanlikning fekk landet 140 % meir den normale nedbørsmengda i juli. Tørrast var det i Nordland.
Når det kjem til temperatur, var det ingen stad i landet som bikka 30 grader. På landsbasis må ein heilt tilbake til 1951 for å finna ein lågare makstemperatur for månaden.
Dei to fylka som kunne gle seg over flest varmegrader sist månad er Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark – som hadde 27,4 grader på det meste. Austlandet fekk sin kaldaste juli på 50 år.
På Gullingen skisenter i Suldal i Rogaland, blei det 2. juli sett fylkeskulderekord.
Den lågaste temperaturen målt var -7,2 grader, ved Sognefjellhytta i Lom på Innlandet, 1413 meter over havet.