nyhende
Sjekka særleg belte, lys og dekk
Statens vegvesen gjennomførte tysdag morgon og føremiddag ein teknisk kontroll av mindre køyretøy ved gravplassen nedanfor Fjellstad i Sveio. Det resulterte mellom anna i ei politimelding, tre bruksforbod og fleire gebyr.
– Me kontrollerer at køyretøya er i god teknisk stand på alle område, og om bilbelta er i bruk. På denne tida av året er me særleg merksame på lys og dekk, seier kontrollørane Sigbjørn Eltervåg og Roy Terje Moen då Vestavind møter dei på kontrollstaden.
Utan bremselys
I alt blei 31 køyretøy kontrollerte og 64 blei observerte for bruk av bilbelte denne gongen. Politimeldinga gjaldt køyring utan at bremselysa fungerte.
Manglande bremselys var også årsak til eitt av bruksforboda. Dei andre bruksforboda gjaldt manglande ledsagarspeil i samband med lærekøyring og manglande støydempar i eksospotte. Alle bruksforboda blir oppheva når feilen er utbetra.
Det blei skrive ut fire mangellappar, eitt bilbeltegebyr og eitt anna gebyr.
Minna om mønsterdjupna
– Mange køyrer framleis med sommardekk, og det er heilt lovleg. Men etter 1. november skal mønsterdjupna vera minst tre millimeter uansett kva slag dekk som er i bruk. Det er ikkje alle merksame på, seier Eltervåg.
Han minner også folk om å kontrollera stramminga av hjulboltane etter dekkskift.