nyhende
Fredeleg jul og nyttår i Sveio og omeign:
Sjekka opp mistenkelege bilar og ulming i bakken
Politiet og brannvesen melder om ei roleg jul- og nyttårshelg, utan dei store hendingane.
– Det har generelt vore roleg i heile distriktet, i Sveio har me berre hatt eit par mindre oppdrag, opplyser vaktsjef Dan Magne Gaard, ved Haugesund politistasjon.
Mistenkelege bilar
26. desember ved 02.00-tida på natta fekk politiet melding om at to bilar var observert utanfor ei bedrift i Gullvegen. Vitne som ringde mistenkte at det kunne vera rekognosering. Då politiet kom til staden var bilane vekke, og ingenting tyda på at det hadde vore innbrot.
– Bedriftseigar er varsla, opplyser vaktsjef Gaard. Han oppfordrar folk om å vera observante.
Brannvesenet
Også brannvesenet kan sjå tilbake på ei roleg helg når det gjeld Sveio.
– Berre litt ulming i bakken etter bruk av bålpanne, og elles eitt helseoppdrag, opplyser Onar Walland, avdelingleiar beredskap, Haugaland brann og redning IKS.
Postkasseramponering
Eit tilbakeblikk i lokale Facebook-grupper dei siste fjorten dagane, gir likevel inntrykk av at det har vore mange små hendingar som for dei det gjeld har vore svært fortvilande. Det blir meldt om postkasseramponering, skade på mur, tjuveri av utandørs julebelysning, øydelagt prydtre, og mistanke om stolen post frå privat postkasse. I tillegg er det fleire som etterlyser kattane sine.