nyhende

PolitiUPUtrykkingspolitietHaukås

Sjåfør slapp unna med tilsnakk

Ein politipatrulje stansa ein sjåfør grunna uforsiktig køyring onsdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

– Det var eit køyretøy som vart stoppa av ein patrulje. Grunnen til det var meldingar om at han kom delvis over i motsett køyrefelt, seier vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.

Patruljen tok igjen bilen og stansa den i ei busslomme på Fylkesveg 47, rett nord for Vågedalen.

– Rustest var negativ, og forklaringa hans var at han var noko trøtt, seier Tornes.

Sjåføren fekk ikkje noko formell reaksjon frå politiet.

– Han vart formant til å ikkje køyra når han er trøtt, og så sendt vidare, avsluttar vaktsjefen.

Powered by Labrador CMS