I går rundt klokka 08.00 på morgonkvisten fekk politiet melding frå ein sjåfør som hadde køyrt på eit rådyr i Vågedalen i Sveio.
Rådyret skal då ha sprunge vidare inn i skogen, og skadeomfanget er av den grunn ukjent.
Politiet varsla viltnemnda om uhellet.
Ved viltpåkøyrsler er ein pliktig til å melda ifrå til politiet.