nyhende

Filma ulykka:

Sjå video: — Søren òg, han køyrer jo vidare!

Mannen hadde vore ein tur i Sveio sentrum. På veg mot Haugesund vart han treft av ein motgåande bil som var komen langt over i feil køyrebane. Den andre sjåføren, som prøvde å stikke av, er mellom anna mistenkt for ruskøyring.

Publisert Sist oppdatert

Det var 21. februar i år at ulykka skjedde på fylkesveg 47, eit par hundre meter sør for Kvednaneset, sør i Sveio.

Den uheldige mannen, som var på veg sørover etter eit ærend i Sveio sentrum, er ein godt vaksen og utflytta sveibu. Han ønskjer ikkje namnet sitt i avisa, men gir eit intervju til Vestavind om dramatikken han vart ein del av:

Her skjenar motgåande bil over i feil køyrebane.Skjermdump frå video

— Eg hadde berre vore ein tur i Sveio sentrum, fortel mannen.

Han har heile hendinga på video, som vart teken opp av eit dashbordkamera i bilen.

I videoen ser ein at han køyrer sørover. Det ser ut som ein idyllisk dag. Utanfor bilen smeltar sola nysnøen som har falt nokre timar før, og i bilradioen syng «Michael Jackson balladen «I just can´t stop loving you».

Like etter krysset mot Kvednaneset møter han to bilar og legg merke til at den bakarste har midtstripa på vegen midt under bilen sin.

—Oi! tenkte eg, og la bilen min godt til høgre i eit forsøk på å unngå kollisjon, seier han.

Han er ikkje heilt sikker, men han trur han la bilen sin så godt ut til høgre at nokre av hjula var utanfor vegen.

Så smell det.

Snurra 180 grader

Den motgåande bilen trefte venstre bakhjul på bilen hans, og ein ser på videoen at bilen snurrar 180 grader, og sklir over i motgåande køyrefelt før han endar i grøfta. Bilen blir ståande med fronten vend nordover.

Mercedesen hamna i grøfta på austsida av fylkesveg 47 etter samanstøytet.

Mannen, som var åleine i bilen, kom heldigvis uskadd frå hendinga. Trass i at han nettopp hadde blitt påkøyrd i nesten 80 kilometer i timen, som er fartsgrensa på staden.

«Dytten» han fekk og rørsla bilen hans gjorde var heller ikkje kraftigare enn at air-bagane i bilen hans ikkje vart utløyste.

Etter at bilen stansa i grøfta såg han at bilen som trefte han, køyrde vidare nordover på fylkesveg 47.

— Då tenkte eg «søren òg, han køyrer jo vidare!».

Han vart sittande ei stund i bilen.

— Sikkert i fem minutt. Først ringde eg politiet for å varsle og gi beskjed om at den andre sjåføren ikkje hadde stansa. Så ringde eg kona min, fortel han.

Mange køyrde forbi

Mange bilar køyrer berre rett forbi, utan å stanse, slik ein i samband med trafikkreglane ikkje skal gjere for å sjekke om det er nokon som treng hjelp.

— Akkurat dét irriterer meg litt i ettertid, seier han.

Men til slutt, og medan han enno sat i bilen, var det ein annan sjåfør som stansa.

— Han sjekka at alt var bra med meg og hjelpte til med å dirigere trafikken, fortel han.

Bilen, ein nyare Mercedes, skal ha fått skadar for om lag 300.000 kroner, men verdien var likevel såpass høg at han ikkje blei kondemnert.

Han fortel til Vestavind at han i ettertid har blitt merksam på motgåande trafikk, og spesielt dei som ligg nærme midtstripa.

Han har hatt førarkortet eit heilt liv, utan å oppleve noko liknande. Han seier han har fått seg ein støkk.

— Eg har tenkt mykje på kva som kunne ha skjedd om det kom ein bil til på veg nordover, seier han stille.

Mistenkt for ruskøyring

Den andre bilen stansa til slutt. Ufrivillig. Han køyrde 250-300 meter før den tilårskomne Forden knakk saman som følgje av samanstøyten sekunda tidlegare. Sjåføren og ein annan mann som er i denne bilen, er også uskadde.

Politiet gjorde undersøkingar på staden etter ulykka.

Det lukkast ikkje Vestavind å få ein kommentar frå etterforskingsleiar Herman Emil Eileraas ved Haugesund politistasjon tysdag, men han seier til Haugesunds Avis, som omtala videoen først, at det er snakk om ein mann i 40-åra. Han er kjend av politiet frå før.

— Det er mistanke om ruskøyring, og bilen hadde falske skilt. Han er også meld for å ikkje ha gyldig førarkort, seier Eileraas til avisa.

Powered by Labrador CMS