nyhende

vinterbading
Ingenting er som ein kald oppfriskande dukkert, meiner desse heilårsbadarane. Sist helg nytta Ingebjørg Enerstvedt Haga (i midten) høvet til å bada saman med dotter si, Marianne Haga Kåstad, og venninnene hennar, då dei hadde sitt faste søndagsbad på Orrestranda på Jæren.

Sjå dei tøffe damene – adventsbad på Orrestranda!

Marianne Haga Kåstad, Kari Haug Hansen, Olga-Margrethe Kleven og Audhild Øvrebø, har sine faste søndagsbad på Orrestranda på Jæren. Gjestebadar sist søndag var mor til Marianne, Ingebjørg Enerstvedt Haga frå Tjernagel.

Publisert Sist oppdatert

Orrestranda er med sine fem kilometer den lengste sandstranda i Noreg. Området strekkjer seg frå Vik i sør til Jærens rev i nord.

Dei fleste badeglade likar varmt sommarvêr og badetemperaturar over 20 grader. Men for nokre er det alt for lenge til neste sommar. For dei finst det eigentleg ikkje noko dårleg badevêr – dei hoppar berre uti. Dette er noko som Ingebjørg Enerstvedt Haga har funne ut for lengst.

– Eg badar stort sett heile året, i vinterhalvåret i snitt éin gong i veka. Kanskje blir det eit julebad i år også? seier Haga som er busett på Tjernagel.

Frå heimen har ho berre fem minuttar å gå ned til Habn, hennar barndoms rike. Der dukkar ho seg i salte straumar som kjem inn frå Bømlafjorden.

– Storavatnet er også eit alternativ, men der er det kaldare på denne tida av året. Sjøen har halde seg varm svært lenge i år, eg tippar den er rundt 10-12 grader, seier den tøffe sveibuen.

Powered by Labrador CMS