nyhende
SISTE: — Sveio får vinmonopol
Styret i Vinmonpolet AS har ifølgje ordførar Linn Therese Erve (Ap) vedtatt å lokalisere eit av sine neste utsal i Sveio.
— Eg har akkurat fått beskjed om at Sveio får vinmonopol, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap) til Vestavind ved 13-tida torsdag.
Ho fortel at ønskje om å få på plass eiget polutsal i kommunen har vore tema gjennom fleire kommunestyreperiodar.
— Eg er ein av fleire som har jobba med dette, og er glad for at dette no bli ein realitet, seier ho.
Opnar truleg neste år
Ifølgje Erve opnar Vinmonopolet AS mellom tre og fem nye utsal kvart år, og no skal altså turen vere komen til Sveio.
Polet skal ifølgje Erve lokaliserast i Sveio sentrum, i løpet av 2023.
Nøyaktig lokalisering er ikkje klart før det har vore ein prosess kor Vinmonpolet lyser ut ein leigekontrakt, og påfølgande forhandlingar.
Viktig for handel
Ordføraren trur at det å ha fått på plass eit vinmonopol i kommunen vil bety mykje for utviklinga av lokal handel.
— Eg trur det er eit viktig supplement til handelen som allereie er etablert i Sveio, seier ho.
Ho trur det vil gi positive utslag i handel både med tanke på gjennomreisande og for å demme opp mot handelslekkasje.
— Det er eg veldig overbevist om, seier ho.
— Då blir det vel feiring med eit glas vin for ordføraren i kveld?
— Ja, det må nesten bli det, for dette blir bra for Sveio, seier ho.