nyhende

11.127 Sveio-dosar:

koronavaksinemassevaksinasjon
Mange sveibuar har venta i dette lokalet etter å ha fått vaksine både ein, to og tre gonger.

Siste stikk på soknehuset

Etter å ha sette meir enn 11.000 stikk med koronavaksine, var det torsdag ettermiddag slutt på den ordinære vaksineringa i Sveio soknehus.

Publisert Sist oppdatert

Sveio soknehus har vore staden for å vå vaksine mot covid-19. No har dei aller fleste tatt dei anbefalte vaksinedosene, og kommunen gjennomførte siste ordinære vaksineringsdag i soknehuset torsdag sist veke.

Meir enn 11.000 stikk

Det er totalt sett 11.127 vaksinedosar i Sveio.

— Soknehuset har vore særs godt eigna med gode fasilitetar og ei utforming som har gjort det enkelt i høve til smittevernrutinar, seier kommunalsjef helse og omsorg Ingunn Toft.

Bildet viser Åshild Danielsen som registrerar, og Lisa Lawson som har delteke som vaksinatør.

Ho trekk fram at soknehuset mellom anna har mange dører, noko som har gitt god flyt.

På det meste har omlag 500 ibuarar blitt vaksinerte på ein dag.

— Vaksinasjonen har i størst grad vore gjennomført av tilsette ved helse og omsorg, med det har i periodar og vore nytta anna personell, opplyser Toft.

Ros til medarbeidarar

Ho rosar innsatsen dei tilsette har lagt ned.

— Det har vore kjekke dager med flotte og fleksible medarbeidarar som har bidrege til ei veldig god gjennomføring, seier ho. 

No held resterande vaksinasjon fram på helsestasjonen og ved Apotek 1 på Sveio senter.

Powered by Labrador CMS