nyhende
— Sirkulær økonomi i praksis
I tre til fire år har om lag 80 store ventilasjonsvifter lege lagra på ein grusplass nedanfor Bømlafjordtunnelen på Sveio-sida. I skrivande stund vert dei hogne opp og sorterte.
— Dette er ein del av det grøne skiftet, seier Arnstein Jensen og Thomas Falch.
Begge er attvinningsoperatørar i verksemda Franzefoss Gjenvinning, som mellom anna driv attvinning og avfallshandtering.
Dei er godt i gang med å fragmentera dei mange ventilasjonsviftene som har stått ved Tittelsnesvegen utanfor Bømlafjordtunnelen i nokre år no.
— Alt på desse viftene skal sorterast og attvinnast. Ein kan kalla det sirkulær økonomi i praksis, seier Falch.
Han er tydeleg på at dei i Franzefoss er opptekne av ei berekraftig utvikling.
— Visjonen vår er å vera samfunnet sitt beste val, understrekar Falch.
Vil unngå farlege situasjonar
Viftene vart tekne ut av Bømlafjordtunnelen for nokre år sidan grunna eit rehabiliteringsarbeid, der dei vart erstatta med nye vifter. Sidan den gong har dei stått lagra som reservevifter for andre tunnelar på Vestlandet.
— Me hadde viftene til lagring og skulle bruka dei dersom me fekk trong for dei, men det er mykje som skjer og som må gjerast. Difor har me ikkje klart å realisera planen om å bruka dei, seier Torstein Eide, som er byggleiar for automasjon i Statens Vegvesen.
Med omsyn til tryggleik vil ikkje Vegvesenet bruka viftene om att.
— Me vil vera sikre på at dei ikkje er til fare for bilistar ved at vifteblad eller heile vifter dett ned frå taket, held Eide fram.
Ventilasjonsviftene er robuste, men har stått ute lenge. Vegvesenet ynskjer ikkje å overhala dei i den standen dei er i no.
Derimot vil Vegvesenet koma det grøne skiftet i møte på andre måtar.
— Me ynskjer å vera miljøvenlege og resirkulerer difor materialet, seier Eide.