nyhende
Siri Sveen Haaland: – Eg prøver å få til minst ein hengekøyetur i Østmarka
Siri Sveen Haaland er bunadstilvirkar og klesdesignar frå Sveio.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Å sleppa og kle både meg og ungane med fleire lag med klede.
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Eg prøver å få til minst ein hengekøyetur i Østmarka, og elles syklar vi ofte til Sørenga for å bada (i Oslo).
Kva er ditt beste sommarminne?
– Eg elskar å dra på festivalar, så mange av dei morosamaste vaksenminna mine kjem derifrå. Frå eg var barn har eg mange gode minne frå hytta ved Vigdarvatnet. At eg bada kvar einaste dag, uansett vêr.
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– Eg elskar skaldyr og kvitvin. Aller helst krabbe frå Fjon. Kunne eta det kvar dag heile året.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– Det blir på ei sommarhytte i Nes kommune (omtrent ein time utanfor Oslo). Det blir bading i Glomma og forhåpentlegvis sol og fint vêr.
Kva er din draumedestinasjon og kvifor akkurat dit?
– Eg har aldri vore i Japan og sparer til ein tur til Tokyo saman med eldstesonen min. Vi siktar på å reise dit neste år. Han er interessert i Pokémon og Sonic, medan eg vil dit for maten, kleda og interiøret.