nyhende
Sikta for aktløyse etter at bubil velta
Ei kvinne i 20-åra har av politiet fått status som sikta etter at ein bubil velta på E39 ved Vihovde.
– Politiet har avhøyrt den sikta. Som førar av ein personbil, erkjenner kvinna å ha vore aktlaus og kome over i motsett køyrefelt, opplyser politiadvokat Elise Gjerde i Sør-Vest politidistrikt til Vestavind måndag.
Bubilen skal ha velta som følge av at bubilsjåføren svinga unna for personbilen.
Fire til legesjekk
Ulukka skjedde ved 14-tida fredag, og blei først omtalt i Haugesunds Avis. Totalt fire kjøretøy var involverte. Fire personar blei sende til legevakt for sjekk. Politiet er ikkje kjent med skadeomfanget til desse, opplyser Eide. Politiet har heller ikkje oversikt over det materielle skadeomfanget.
Den sikta kvinna har gitt samtykke til at førarkortet hennar er beslaglagt. Det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring.
Lange køar
Ulukka fredag førte til langvarig stenging av E39 og lange køar. Bømlafjordtunnelen blei også stengt i ein periode for å hindra kø inne i tunnelen. Først frå 16-tida blei vegen forbi ulukkesstaden gradvis opna igjen.