nyhende

Sikrar meir variert idrett for dei unge

Idrettslaget i Auklandshamn ynskte meir breidde innan fysisk aktivitet for barn og unge i bygda. Då vart ein jordflekk mellom butikkbygget og skulen perfekt for ei sykkelbane. – Den er snart klar, seier prosjektleiar Stig Nilsen.

Publisert Sist oppdatert

Det korrekte namnet på kva som snart kjem i Auklandshamn er på engelsk og heiter «pump track». Kort forklart er det ein sykkelbane med kupert terreng kor ein kan utfalda seg i leik og moro.

– Det var eit ynske i frå idrettslaget til å nytta området til noko meir fornuftig, og å finna alternative idrettar som ungdom og barn kan driva med, forklarar Stig Nilsen.

Nyttar lokal verksemd

Han er sekretær i idrettslaget i Auklandshamn og er prosjektleiar for sykkelbana.

– «Pump track» har vore populært, så me tok kontakt med ein lokal entreprenør som gav oss ein pris, legg han til.

Oppdraget gjekk til den lokale bedrifta Mjånes Graving og Transport, og skulle opphaveleg vore byrja tidlegare. Forseinkinga skuldast noko utanfor deira makt.

– Planen var å starta før hausten, men så kom frosten. Så då byrja me rett etter påske, og no den er snart klar, seier Nilsen.

Skal vera for alle

Kostnaden kjem på 120-150.000 kroner, og idrettslaget håpar på midlar til innkjøp av syklar slik at barn kan låna dei.

– Det skal vera fritt for alle å bruka, enten ein har sykkel frå før eller ikkje, seier han.

Nilsen gjev ros til eigar av området, Sveio kommune.

– Me har hatt god dialog og fekk godkjenning av dei utan at me trong å omregulera området.

Snart opning

No er det snarleg opning, men Nilsen håpar at ikkje siste tiltak på sykkelbana er gjort, sjølv om den no eigentleg er ferdig.

– Me vurderer å legga asfaltgranulat over. Då held bana seg betre og kan også nyttast av dei med rulleskøyter, rullebrett og liknande, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS