nyhende

Sikra seg VM-plass i tre kategoriar

Tre juniortroppar frå Sveio Drill vann sine kategoriar under Vinterpokalen i helga. Dei er dermed sikra VM-plass i Liverpool.

Publisert Sist oppdatert

Gullmedaljane blei henta i kategoriane Showtwirl, Exibition og Batonflag. Det var eit flott knippe sveibuar og haugesundarar som kunne jubla for både siger og kvalifisering til VM i august. Troppen som vann uttaket i Showtwirl er nemleg ein samarbeidstropp mellom Sveio og Haugesund.

Troppane er i alderen 14 til 19 år. Dei konkurrerte også individuelt i ein heil del kategoriar.

Drill er blitt veldig populært, og Vigdartun har ikkje lenger nok plass til den populære konkurransen Vinterpokalen. Siste konkurranse i Vigadartun var i fjor. Sveio Drill har leigd Tysvær Arena dei to gongar dei siste tre åra. Men det er først i år dei har kunna ta den store arenaen i full bruk utan koronarestriksjonar.

Rekordpåmelding

— I helga var det rekordpåmelding med 360 deltakarar fordelt på 24 forskjellige troppar frå Rogaland og Hordaland. Det blei konkurrert i 80 kategoriar, og det var 410 ulike startnummer å halda styr på, fortel Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou, leiar i Sveio Drill.

Det var også mange og såg på, og rundt 1.000 var innom hallen i løpet av helga.

Vinterpokalen er eit samarbeid med NMF (Norges Musikkorps Forbund) Rogaland og Hordaland. Å vera teknisk arrangør for eit så stort arrangement, krev mykje innsats også frå dei som ikkje konkurrerer.

Takkar foreldra

— Eg vil gje ein stor takk til foreldra som stiller opp. Utan dei hadde det ikkje vore mogeleg å gjennomføra arrangementet. Dei står på tidleg og seint og gjer ein fantastisk jobb. Me er også takksame for at me fekk låna Frakkagjerd ungdomsskule til overnatting, seier Kvalvåg Panayiotou.

Powered by Labrador CMS