nyhende

Det unge sveiolaget før kamp nummer 1.000 for trenar Ole Johan Sveen. ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Det unge sveiolaget før kamp nummer 1.000 for trenar Ole Johan Sveen.

Sikra seg vidare plass i 2. divisjon

I siste kampen for sesongen blei det tap for volleyballherrene til Sveio. Plassen i 2. divisjon er likevel sikra, men om det blir lag frå Sveio neste sesong er ikkje avklara enno.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

2. divisjon volleyball region Sydvest

Torvastad IL2 – Sveio IL

3 – 0 (25-23, 25-11, 25-20, 0-0, 0-0)

Torvastad Arena

Dommarar: Svein Halleraker og Weronika Barbara Pawlica

På Torvastad Arena blei det heimesiger til Torvastad 2 med 3–0 over det unge sveiolaget i siste kamp for volleyballsesongen.

Sluttresultatet ser brutalt ut, men settsifra fortel ei litt anna historie. I første og tredje sett var Sveio tett på Torvastad med 25–23 og 25–20.

Drog lasset

— Me vil jo alltid vinna, og spelarane sin innsats er alltid deretter, seier Ole Johan Sveen etter kamp nummer 1.001 som trenar.

Han likar ikke å trekka fram enkeltspelarar, og konkluderer med at det var dei mest rutinerte som nok ein gong drog lasset i kampen.

Det er første gong på rundt 25 år at Sveio har hatt eit herrelag i serien. Mange av spelarane er unge, og det er ganske imponerande at laget sikra seg vidare spel i 2. divisjon.

Mange lause trådar

Om det blir lag frå Sveio er likevel usikkert.

— Det er mange lause trådar akkurat no. Mellom anna er det litt uavklart kor dei forskjellige spelarane spelar til neste år. Me har også eit samarbeidsprosjekt med Haugesund som me må sjå kor går. Heldigvis har me litt tid til å få ting på plass før neste sesong, seier Sveen.

— Er det greitt at sesongen er over?

— Hadde du spurt spelarane trur eg dei ville sagt ja. Men det betyr ikkje at dei er leie volleyball. No ventar me på litt fleire varmegrader slik at me kan gå i gang med sandvolleyball igjen. Det er dei veldig klare for, seier Sveen.

Tabell volleyball herrer 2. divisjon region Sydvest

Powered by Labrador CMS