nyhende

Bror Eivind Eriksen gjer seg i styret til Vestavind. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Bror Eivind Eriksen gjer seg i styret til Vestavind.

Sidan 90-talet har Bror Eivind vore med i Vestavind-styret. No takkar han for seg.

«The times, they are changing», seier Bror Eivind Eriksen (72) til Vestavind. Etter om lag 25 år som styremedlem i lokalavisa trekkjer han seg no ut.

Publisert Sist oppdatert

— Det er utruleg og ei sann glede at Vestavind har klart å verta ei lokalavis for heile kommunen, seier Eriksen, som sjølv gjorde ein avgjerande innsats i utvidinga av nedslagsfeltet til det folkekjære bygdebladet.

Eriksen kom inn i styret til Vestavind på 90-talet som representant for Sveio kommune. I tillegg til å ha skrive ein del saker for lokalavisa med jamne mellomrom, var han mellom anna pådrivar for å flytta Vestavind-redaksjonen til Sveio sentrum. På den måten vart Vestavind ei «lokalavis» i eigentleg tyding.

Oppbrot frå kontoret i Buavåg

Det var i 1992 Vestavind vart flytta til sentrum. Før den tid heldt redaksjonen til på kaien i Buavåg. Der kom avisa ut for fyrste gong i 1986 – som eit annonseorgan for handel og marknad i Buavåg spesifikt.

Vestavind, som på dåverande tidspunkt vart rekna for å vera ei amatøravis, sette seg i 1987 som mål å produsera meir profesjonell journalistikk og fremja kulturell vekst, sosialt samhald og næringsutvikling i Sveio.

Med det vart det vurdert å finna eit nytt namn på avisa. Sveio-nytt, Sveibuen og Vigdar var blant alternativa.

Likevel var det brei semje om at «Vestavind – bygdeblad for Sveio» var det desidert beste alternativet. Prefikset, det vil seia førestavinga Vesta-, skulle symbolisera Bua-krinsen i vest. Suffikset, altså etterstavinga -vind, stod for friske vindkast av ferske, aktuelle nyhende frå Bua og ut til resten av Sveio.

— Dei som starta avisa ute i Buavåg, visste nok ikkje den gongen, sjølv om dei var framsynte, at Vestavind ein gong skulle verta ei skikkeleg avis for heile kommunen, seier Eriksen.

Verdifull lokalavis

Den avtroppande styremedlemen framhevar verdien til lokalavisa som lim mellom bygdene, og som kringkastar for aktuelle hendingar i nærmiljøet.

— Ei lokalavis skal innehalda det heilt lokale; alt frå basarar og juletrefestar til oversikt over retninga kommunen skal utvikla seg i.

Særleg då «korona» og «lockdown» vart ein del av vokabularet vårt, trur Eriksen at Vestavind fekk ei desto større samfunnsrolle:

— I koronatidene, då me ikkje kunne samla folket, heldt det hardt. Hadde me ikkje hatt avisa då, veit eg ikkje korleis det hadde gått, seier Eriksen.

I bokhyllene hans bognar det av nordisk litteratur, og han kan med rette kallast ein språkentusiast. Han er glad for at Vestavind skriv saker på nynorsk og vonar avisa vil halda fram med det.

Ein takk til alle

Tida i Vestavind-styret er eit fullført kapittel for Eriksen, og på eit eller anna tidspunkt må ein trekkja seg ut, fortel han. No kan han derimot sitja og gleda seg over tida som ligg bak og framgangen Vestavind har gjort som lokalavis.

— Når eg no heng i hornet på veggen og knirkar, er det på tide å gje seg. Det ha vore ei særs interessant reise. Takk for følgjet og til alle som har vore med, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS